RFK Jr. åtvarar: Fauci og Gates vil bli ARRESTERT under den andre Trump-administrasjonen!

Ramon Tomey i Natural News rapporterer:

Robert F. Kennedy Jr., som nyleg har blitt utpeikt som den neste ministeren i Department of Health and Human Services (HHS), var lovt at dr. Anthony Fauci og Bill Gates skal bli arrestert under den andre Trump-administrasjonen.

Ifølgje ein reportasje frå Disswire, har den tidlegare uavhengige presidentkandidaten lovt å bruke «all naudsynleg makt» som har blitt tildelt han som HHS-minister til å fengsle Gates og Fauci. Big Pharma-sjefar som jobba med hovudstraumsmedia om å sensurere sanninga bak Wuhan-koronavirus (covid-19)-mRNA-injeksjonane kjem likeins til å bli kasta i kasjotten.

Trump-innsidefolk har avslørt at den påtroppande nye administrasjonen allereie driv og førebur seg på å sende Big Pharma-kartellet i fengsel fordi dei har øydelagt liva til millionar av amerikanarar. Inkludert i gjengen er Gates, som pumpa milliardar av dollar inn i produksjonen av desse dødelege vaksinane. Microsoft-medgrunnleggjaren og teknokraten, som mest oppsiktsvekkjande donerte 50 millionar til ein politisk handlingskomité som støtta avtroppande visepresident Kamala Harris, «har no ingen stad å flykte til». […]

«[Gates] har blitt stemna i Nederland for å lyge til folket om covid-19-vaksinen. Og han kjem til å måtte møte i retten,» sa Kennedy førre månad.

«Trur de at han ønskjer å møte i retten her i Dei foreinte amerikanske statar? Trur de kanskje at det var ein av grunnane til at han valde å gje 50 millionar dollar til Harris?»

Sant nok, ein magistrat i Nederland gav Gates ordre om å møte i retten etter at vaksineskadde personar tok han til retten. Microsoft-grunnleggjaren argumenterte at dommaren ikkje hadde nokon jurisdiksjon over han. Trass dette utstada magistraten ei avgjerd som gav Gates ordre om å møte i retten.

Fauci vil òg måtte sone i fengsel

Fauci, som trekte seg frå offentleg teneste i 2022, prøver òg å vri seg unna sine forderva brotsverk mot menneskeheita. Hans terrorregime går tilbake til tidleg 80-tal, då han tvinga folk som var smitta med menneskeleg immunsviktvirus (HIV) til å ta hans dødelege legemiddel azidothymidine. Dette resulterte i dødsfalla til meir enn 300 000 menneske.

Med dette i minne lovde Kennedy å seie opp heile teamet i National Institutes of Health (NIH) og kaste 83 år gamle Fauci i fengsel. Den tidlegare uavhengige presidentkandidaten sa i ein nyleg tale at Trump kom til å «gjere USA friskt igjen» og kjem til å bli ein president «som kjem til å beskytte oss mot totalitarisme».

Kennedy lovde i tillegg å stoppe NIH frå å studere smittsame sjukdommar, og i staden flytte fokus over til å studere kroniske sjukdommar slik som diabetes, sjukeleg overvekt og kreft. National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID), som er underlagt NIH, fokuserte på smittsame sjukdommar. Tilfeldigvis var Fauci direktøren i NIAID frå 1984 til 2022.

«Eg kjem til å seie til NIH-vitskapsfolk: ‘Gud velsigne dykk alle. Takk skal de ha for dykkar offentlege teneste. Vi kjem til å gje smittsame sjukdommar ein pause i rundt åtte år’,» kommenterte Kennedy.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget