Trumps son: «Biden-administrasjonen ønskjer Tredje verdskrig!»

Russia Today (RT) rapporterer:

Donald Trump Jr., den eldste sonen til den valde amerikanske president Donald Trump, har kome med skarp kritikk av Demokratane etter reportasjar om at avtroppande president Joe Biden har gjeve Ukraina løyve til å bruke amerikansk-laga langrekkjevidd-missil til åtak djupt inni russisk territorium.

Trump Jr., som var på kampanje saman med faren sin under 2024-presidentvalet og som har hjelpt han med å velje ut medlemmer til sitt framtidige kabinett, pakka ikkje inn ting på sosiale media.

«Det militær-industrielle komplekset ser ut til å ville sikre seg at dei får i gang Tredje verdskrig før faren min har ein sjanse til å skape fred og redde liv,» skreiv han på X sundag [17.november 2024]. «Må stengje inne desse billionane av dollar. Til helvete med liv!!! Idiotar!!!»

Biden-administrasjonen la tidlegare avgrensingar på bruk av ATACMS-missil for Ukraina, fordi dei frykta mogleg gjengjelding frå Russland. Det kvite huset har derimot valt å reversere politikken sin, ifølgje reportasjar frå fleire nyheitsbyrå. Verken Det kvite huset eller Pentagon har kommentert temaet.

Den rapporterte avgjerda blir generelt sett på som eit siste desperat forsøk på å forsterke dei militære evnene til Ukraina før Trump går inn i embetet 20.januar. Under sin gjenvalskampanje kasta Trump tvil rundt naudsynet til uvilkårleg bistand til Kiev, og lovde å løyse konflikten ved hjelp av diplomatiske metodar. Hans komande tilbakevending til Det kvite huset har fått Demokratane, saman med tenestepersonar i Ukraina og EU, til å bekymre seg for om den nye administrasjonen kjem til å gje opp Ukraina.

Moskva har gjentekne gonger sagt at det å tillate vestlege våpen å bli brukt djupt inni Russland vil vere eit signal på at NATO er direkte involvert i konflikten. President Vladimir Putin åtvara tidlegare at Russland vil ta «passande avgjerder som respons på trugslane».

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget