Ukraina sine planar om å gå til åtak djupt inni Russland med ATACMS-missil: Kva er haka?

Sputnik Globe rapporterer:

USA-laga ATACMS taktiske ballistiske missil har allereie blitt sendt ut av Kiev-styrkar mot russiske soldatar ved meir enn eitt høve, og spekulasjonar finst i hopetal om at desse våpena snart kan bli brukt til å råke djupt inni Russland.

No når USA visstnok har gjeve grønt lys til Ukraina til å bruke ATACMS til slike langrekkjevidd-åtak, dukkar to spørsmål opp: har Kiev det som krevst for å utføre slike åtak, og korleis kan Russland motverke dei?

Russland har avanserte luftforsvar

Ymse russiske luftforsvarssystem slik som Buk-M2, Buk-M3 og Tor-M2 har vellykka avbrote ATACMS ved meir enn eitt høve, sa Alexei Leonkov, ein russisk veteran-militæranalytikar og redaktør i tidsskriftet Arsenal of the Fatherland, til Sputnik:

«Russiske luftforsvarssystem har ein særs høg sannsynsrate for avbryting [av fiendtlege missil]. Der våre system bruker eitt missil per mål, bruker American Patriot-system to missil for å utføre same oppgåva.»

Vesten har ikkje nok langrekkjevidd-missil

Sjølv om USA og Vesten har vore sjenerøse med sine militærforsyningar til Ukraina, er der lite igjen av lagera av ATACMS, Storm Shadow og Scalp-missil som vart gjevne til Kiev, seier Leonkov:

«Til og med sendingane av F-16-jetfly som kan bli brukt til å sende ut Storm Shadow-missil reverserte ikkje denne trenden,» kommenterer han. «Talet oppskytingar har vore minkande og har i praksis nådd null på dette tidspunktet.»

Før eskaleringa av Ukraina-konflikten i februar 2022, hadde Vesten over 3000 ATACMS-missil (inkludert alle deira tilgjengelege modifikasjonar), estimerer Leonkov. Med alle ATACMS-missila som sidan har blitt brukt opp i Ukraina-konflikten, eller rett og slett kassert på grunn av sin høge alder, har det talet blitt redusert til ein stad mellom 1500 og 2000, reknar han seg fram til.

Vesten har heller ikkje nok utstyr til å skyte ut missil

Når ein ser vekk frå mangelen på missil, lid Ukraina òg av mangel på missil-oppskytarar, kommenterer Leonkov.

Problemet, forklarer han, kjem frå det faktum at Vesten forsynte ei særs avgrensa mengd våpensystem i stand til å skyte opp ATAMCS – slik som HIMARS, MLRS og MARS.

I mellomtida har russiske styrkar vore særs effektive i å spore opp desse våpena ved å bruke kontra-batteri-radarar og øydeleggje dei ved å bruke sine eigne taktiske missilsystem.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget