Eit suverent USA må opponere mot Verdas helseorganisasjon og kjempe mot utnytting av menneske innan helseomsorga

Lance D Johnson i Natural News skriv:

Sidan 2020 har Verdas helseorganisasjon (WHO) blitt eit flaggskip for byråkratisk tyranni av verste sorten. WHO har ikkje gjort anna enn å sende ut propaganda og trakke på suvereniteten til nasjonar, medan dei dekkjer over det vaksine-holocaust som vart tvinga på verda. Ikkje berre har WHO radbrekt globalhelsa, men dei har òg forverra diskriminering og segregering med sine forslag om vaksinepass, medan dei skapte bioterror og medisinsk bedrageri med påbod om PCR-testing, og massekarantenar som manglar evidens og rettsleg prosess.

Handlingane til WHO under covid-19-skandalen, driven av konserninteresser, har ført til eit hittil usett åtak på individuelle fridommar og samfunnsmessig velvære. Individualisert behandling vart vraka til fordel for eit universalsett med offentlege helsepåbod som forverra menneskeleg liding. Derimot, berre det å avslutte forholdet med WHO yter ikkje rettferd til nokon. Eit suverent USA må gå til krig mot Verdas helseorganisasjon og kjempe tilbake mot ein utspekulert globalhelse-industri og biotryggleiksstat som lever av makt, profitt og utnytting av menneske.

Å uskadeleggjere WHO er berre byrjinga; vi må konfrontere biotryggleiksstaten i innanlandske helsesystem

Medan det å lausrive seg frå WHO kan kjennast ut som ein siger, er det ein hòl siger med mindre det er del av ei større overhaling av heile den global-offentlege helse-infrastrukturen som lever av hysteri, bedrageri og ulovlege påbod. WHO er ingenting anna enn ein del i eit maskineri som set konsernprofitt og politisk kontroll over helsa og verdigheita til vanlege folk. Det er verktøyet til biotryggleiksagendaer og profittdriven politikk. Berre det å forlate WHO vil ikkje gjere slutt på dette giftige systemet. Dette giftige systemet av menneskeleg utnytting ligg djupt forankra i vestleg helseomsorg. Vi må bryte ut av rovdyraktig vaksine-eksperimentering og skremselspropaganda om smittsame sjukdommar, og finne ein utgangsstrategi frå heile den korrupte folkehelseindustrien.

I 2020 svikta WHO ikkje berre verda – dei vart ein aktiv deltakar som la til rette for medisinsk bedrageri, medisinske feil og unaudsynlege dødsfall. Etter ønske frå styrtrike sponsorar og politiske elitar, kontrollerte organisasjonen retningslinjer som ikkje-proporsjonalt påverka dei mest sårbare befolkningsgruppene. Kjempa pressa på for nedstengingar som øydela økonomiar, forverra fattigdom og dreiv millionar fleire ut i mat-utryggleik. Dei uvørdne handlingane til WHO tvinga barn ut av skulen, nekta medisinsk omsorg til dei med ikkje-covid-relaterte plagar og forverra gjeldskrisa i utviklingsland. Kanskje aller mest graverande, so la organisasjonen til rette for ei utilgjeveleg og uforsvarleg overføring av rikdom frå dei mest sårbare til farmasi- og konsernelitane.

Dette var ikkje eit hendig uhell – det var ein kalkulert, forsettleg respons på ei fabrikkert krise. I staden for å fokusere på å beskytte dei mest sårbare, la WHO til rette for eit globalt maktran, sensurerte dissens og gav hittil usette privilegium til sine konsern-sponsorar. WHO la til rette for eit frykt- og kontrollklima og gjorde scena klar for framtidig utnytting. Resultatet? Ein generasjon av unge menneske med fråstolne moglegheiter, fattigdomsherja nasjonar med uoverkomeleg gjeld, milliardar av dollar i profitt sendt til farmasi-kjemper, og eit holocaust som vart fullstendig ignorert.

WHO sitt nederlag er ikkje berre eit tilfelle av dårleg leiarskap eller dårlege avgjerder – det er ein refleksjon av djupareliggjande strukturell korrupsjon. Det opphavlege oppdraget til organisasjonen, som vart etablert i 1946, var å sikre helse-utfallslikskap og beskytte dei mest sårbare i verda. Men over tid har dei blitt ein grotesk skugge av det idealet. Deira leiarar, godt gjødde av eventyrlege lønningar og finansiert av dei sjølvsame konserna dei hevdar å kontrollere, er i aukande grad kopla frå dei menneska dei var meint å tene. Denne korrupsjonen er ikkje tilfeldig – den er ibuande i sjølve eksistensen til WHO.

Davos-eliten vil halde fram med å truge menneskeleg fridom og helse, medan dei læst som dei held folk trygge

Det er ein tragisk farse å sjå WHO-leiarar vere til stade på elitetoppmøte i Davos, medan millionar rundt om i verda lid av dei totalitære retningslinjene dei innfører. Desse elitane jobbar ikkje for den globale befolkninga – dei jobbar for interessene til multinasjonale konsern, internasjonal finans og dei politiske elitane som profitterer frå eit system av global kontroll.

Ta til dømes WHO sin nylege iver etter å utvide Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR) under påskot av pandemi-beredskap. Desse tillegga, kjempa fram av konserninteresser og politiske elitar, vil gje WHO endå meir makt til å diktere nasjonale helseretningslinjer under framtidige kriser. WHO, ein gong ein tilretteleggjar for globalhelse-utfallslikskap, har blitt eit verktøy for ein biotryggleiksagenda som prioriterer global kontroll og privat profitt over helsa og fridommen til individ.

Handa til WHO er bunden av farmasi-industrien og dei styrtrike figurane som er ute etter å tene pengar på vaksineinvesteringar. Dess meir pengar desse selskapa pumpar inn i organisasjonen, dess meir påverknadskraft har dei over retningslinjene der. Og resultata er katastrofale. WHO sine rådgjevande retningslinjer om tema slik som abort, kjønnsidentitet vaksineskepsis og klimaendring reflekterer denne vanheilage alliansen. Deira press for universell tilgang til abort fram til fødselen, utan at spørsmål blir stilte, og deira støtte til ekstrem kjønnsideologi, viser ei forbløffande likesæle til biologiske sanningar og grunnleggjande menneskeleg verdigheit.

WHO er berre del av eit mykje større, systemisk problem. Globalhelseindustrien, der WHO speler ei fundamental rolle, blir i aukande grad dominert av ei produktbasert tilnærming som bruker helseomsorg som eit våpen. Marknadseksklusivitet og andre profittmotiv avgrensar tilgang til helseomsorg. Ein korrupt forsikringsindustri eliminerer alternative, holistiske og individualiserte tilnærmingar til helseomsorg og stoppar framgang innan desse felta. Frå Big Pharma til dei private donorane som finansierer internasjonale helseinitiativ, blir denne industrien driven av grunnlinja – om det so betyr å selje farlege vaksinar, kontrollere forsyningskjedar eller presse strenge tiltak på fattige nasjonar. For å reformere helseomsorga og gjenopprette tillit til medisinske profesjonelle, må WHO plukkast frå kvarandre, og deira tarvelege påverknadskrefter må bli fjerna frå alle helseomsorgssystem.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget