Kreml indikerer kvifor Ukraina-konflikten vil vare «litt lenger»

Russia Today (RT) rapporterer:

Russlands militæroperasjon var fyrst retta mot Ukraina, men utvida seg raskt til ein konflikt med NATO, har pressesekretæren til Vladimir Putin, Dmitry Peskov, sagt.

Putin gav soldatar ordre om å krysse grensa i februar 2022 etter at den ukrainske regjeringa openlyst avviste Minsk-avtalane og intensiverte bombinga si av folkerepublikkane Donetsk og Lugansk.

I eit utvida intervju med indiske media tysdag [19.november 2024] vart Peskov spurt kvifor fiendtlegheitene har teke 1000 dagar pluss, og om han kan spå når dei kan ta slutt.

«Då alt dette starta, starta det mot Kiev-regimet. Og no held det fram som ein krig mellom Russland og NATO. Det er difor det tok litt lenger og vil ta litt lenger,» sa Kreml-talsmannen.

«Det vil ta slutt so fort vi når måla våre,» sa Peskov, og la til at Russland gjerne vil oppnå måla sine gjennom forhandlingar, men Ukraina har bokstavleg tala forbode alle samtalar med Moskva.

«So det er difor vi held fram militæroperasjonen, fordi moglegheita for fredelege forhandlingar no blir nekta oss, både av Kiev og [sjefane] deira i Washington,» sa Peskov til indiske media.

Dei fyrste fredssamtalane våren 2022 mellom Russland og Ukraina vart visstnok sabotert av Boris Johnson, den britiske statsministeren på den tida, som sa til Kiev at Vesten ikkje var klare til å inngå fred med Moskva.

USA og deira allierte har sendt nesten 200 milliardar dollar i bistand til Ukraina sidan 2022, inkludert våpen, ammunisjon og kamputstyr slik som artilleri, stridsvogner, jagarfly og langrekkjevidd-missil, medan dei insisterer på at dette ikkje gjer dei til part i konflikten.

Tysdag morgon brukte Ukraina langrekkjevidd-ATACMS-missil forsynt av USA for å råke den russiske Bryansk-regionen, noko som bekreftar mediereportasjar om at Washington hadde gjeve Kiev lov til å gjere det.

Putin har åtvara at slikt eit steg vil endre sjølve naturen til konflikten og gjere NATO til direkte deltakar i fiendtlegheitene. Han oppdaterte òg Russland sin atomdoktrine for å tillate ein strategisk respons på eit konvensjonelt åtak frå stadfortredaren til ei atommakt.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget