Mister Plogen frydar seg over glatte vegar

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Etter ein heil sommar med hageservice rundt om på diverse staselege eigedommar i bratthenget rundt Eidsvågneset, har Mister Hagen i lengre tid gått utan nemneverdig å gjere på. Tida mellom oktober månad, når folk ikkje lenger gidd å ivareta hagane sine på grunn av fallande temperaturar, og det fyrste snøfallet kjennest ofte ut som ein heil mannsalder for den sexavhengige friken. Men no, langt uti november månad, vaknar han opp til eit gledeleg syn. Det er omsider minusgrader.

Den stupbratte bakken opp til hovudvegen glinsar av is. Folk er ute og skraper bilane sine og kjem garantert til å kome for seint på arbeid – om dei då kjem seg dit i det heile sidan vegane er so inni satans glatte. Ein gammal pensjonist går på ræv i sin eigen oppkøyrsel. Diverre kjem han seg på beina igjen og verkar uskadd. Barn med stressa, utslitne åleinemødrer kavar seg oppover terrenget mot næraste busstopp. Skuleungdommar sklir og rutsjar i veg medan dei held kvarandre i armane.

No er vinteren komen til Bergen, og har atter ein gong teke alle på senga. Ingen brøytebil er å sjå i mils omkrins, og på radioen blir folk oppfordra til å late bilen stå om dei kan. Det er klink is frå Hordvik i nord til Lagunen i sør. Det er allereie meldt om fleire bilulykker og stygge fall på isen.

Mister Hagen, som no offisielt går over til å heite Mister Plogen, gnir seg i hendene i det han sprett ut i garasjen der hans trufaste plog står og ventar. Snart er han der ute og saltar og strør sand på dei stupbratte tilkomstvegane.

Og det tek ikkje lange tida før ei enkjefrue i ei vakker morgonkåpe og glitrande perler får den tvilsame æra av å vere vinterens fyrste kunde. Den 88 år gamle kjerringa tek ut tannprotesen, går ned på sine kne og syg han medan tårene trillar nedover dei rynkete, tomatraude kjakane. Ho må ganske snart svelgje unna ei ladning særs tjukk og uhyre dunstande sæd – den gamle magen hennar blir fylt til brestepunktet. Den stinne dama kjem nok ikkje til å trenge mat i dag.

Mister Plogen frydar seg over alle dei glatte vegane medan han jobbar seg utover Eidsvågneset. I hans «region» er der meir enn nok kundar – og iallfall meir enn nok bakkar. Pengane renn inn og sæden… vel, den renn ut.

Slik er stoda på Eidsvågneset, og slik er stoda alle andre stader med private vegar som krev like privat vintervedlikehald. På dei offentlege vegane er stoda litt verre, iallfall dei kommunale vegane. Medan Europavegen blir vintervedlikehalden etter alle kunstens reglar av ærverdige Statens vegvesen, gidd aldri dei kommunale entreprenørane å rykkje ut før det skjer minst ti alvorlege ulykker. Dersom det skjer tre dødsulykker innan 24 timar, vil dei òg få instruksar om å rykkje ut. Men i mellomtida kan dei jo berre sitje heime og kose seg med full lønn.

**

I mellomtida forlèt Arve, eks-mannen til Stativ-Mona, sitt tarvelege husvære ovanfor busstoppet Munkebotn i Sandviken. Han er kledd i ein av kjolane til kjerringa, og ei søt og nusseleg vinterkåpe. Den fæle, skjeggete, stinkande alkisen stavrar seg nedover den såpeglatte, kommunale vegen, men må snart byrje å krype på alle fire. Her er jo livsfarleg.

På bussen denne iskalde føremiddagen sit ei rekkje andre halvgamle menn i damekle. Dei nikkar til han – ikkje fordi dei kjenner han, men fordi han veit kva som skal til for å få billeg alkohol på dei mange utestadene i Bergen. Bystyret har nemleg bestemt nemleg at utestader gje 50% rabatt på alkohol til alle menn i damekle. Nøyaktig kvifor dei gjorde det, går langt over det vesle han framleis har av forstand, men det hadde visst noko med Trump eller Putin å gjere. Han set seg i eit ledig sete, som det er mange av på denne tida på dag. Klokka er 10:34, og om ein liten halvtime opnar Folk & Røvere.

Den somaliske bussjåføren sit der med rynker i panna og eit lettare skrekkslege uttrykk i det sjokoladebrune fjeset. Det er sovidt det digre beistet av eit leddkøyretøy greier å halde seg på vegen. Korleis han kom seg heilt frå Støbotn ved Salhus er for Arve ei gåte. Han er glad til berre dei kjem seg til Torget i eitt stykke. I sykkelfeltet ved sida av dei syklar ei blondine kledd frå topp til tå i spandex. Brått kollar ho på glatta og fyk over styret. Arve og fleire andre menn ristar på hovudet og blæs. Ho er ikkje den fyrste som trynar på vinterføre, og blir garantert ikkje den siste.

Svingen forbi Bontelabo og Skolten er meir eit sjansespel enn faktisk, viljestyrt manøvrering. Bussen sklir som ein curlingstein på tvers, og tek med seg eit par vegskilt og noko som ser ut som ei barnevogn. Ei hysterisk dame veivar med armane og skrik bak dei. Ein syklist til veltar uhyre stygt med sykkelen og ramlar over eit gjerde og slår seg helselaus.

Bussen bruker omtrent heile Bryggen på å stoppe opp. Dei sklir, sklir og atter sklir. Dei stoppar ikkje ved sjølve busstoppet, men midt i krysset. Det får vere godt nok på slikt eit føre. Nok ein syklist sklir – og denne stakkaren ramlar rett i sjøen med eit gaul. Arve og dei sju andre mannfolka i damekle kryp på alle fire frå bussen og bort til fortauet. Her er det ein del private eigedommar bortover, og i sentrum får huseigarane bøter om dei ikkje saltar eller strør på fortaua. Omsider kan dei gå tobeint.

Den dovne blondina med dei raude hasjauga er kledd i ein høghalsa strikkargensar og eit uringult skjørt. Ho sjagar gjennom lokalet og låser opp døra. Sekundet etterpå strøymer dei sju kjolemennene inn i lokalet, der gammal David Bowie dunkar ømt og kjærleg i veggane.

«De kom dykk hit i dag òg?» spør ho i det ho svevar bak disken der ho høyrer heime.

«Med naud og neppe,» seier Arve og humpar ned på ein barstol. «To Ægir IPA og det billegaste brennevinet du har.»

«Same her!» seier dei seks andre mannfolka i kor.

«Greitt,» svarer blondina og grip to ølglas. «Og sidan de går i damekle, blir det 50% rabatt.» Ho sukkar.

Snart strøymer øl ut av kranane og ned i tørste mannestrupar. På næraste kommunale veg sklir ein syklist rett under ein buss til ein særs ubehageleg død.

«Jaja, skål, folkens,» seier Arve og hevar glaset.

«Velkomen, vinter,» stønnar blondina, der ho står hjelpelaust på utstilling.

Kommenter innlegget