Kreml kommenterer nøkkelskilnadene mellom Trump- og Biden-teama

Russia Today (RT) rapporterer:

Støttespelarane til den amerikanske valde presidenten Donald Trump og dei som har blitt nominert til roller i administrasjonen hans snakkar om å sikre fred i Ukraina, i motsetnad til Det kvite huset under Joe Biden, har Kreml-talsmann Dmitry Peskov sagt.

I ein samtale med journalistar under ein konferanse måndag [25.november 2024], vart Peskov spurt om å kommentere ei melding frå den påtroppande rådgjevaren for nasjonaltryggleik Michael Waltz over helga. Florida-kongressmannen sa i eit intervju med Fox News at Donald Trump var «utruleg bekymra» for «blodbadet» som finn stad i Ukraina-konflikten, og at den neste administrasjonen skal jobbe med å leggje til rette for samtalar mellom Moskva og Kiev, med ein visjon om å sikre ei våpenkvile.

«Vi må diskutere kven som er ved bordet, om der er ein avtale, ei våpenkvile, korleis få begge sider til bordet, for so å fastsetje kva som er rammeverket til ein avtale,» sa Waltz, og la til at Washington sine allierte i Europa òg skal bli involvert i prosessen.

Peskov svarte ved å erkjenne at Trump-støttespelarar og medlemmer av den valde presidenten sitt team ofte bruker orda «fred» og «fredsplan».

«Slike ord kjem ikkje frå munnane til representantar i den noverande administrasjonen,» sa talsmannen, og la til at Biden-administrasjonen berre held fram med å ta provoserande steg som fører til vidare eskalering.

Han hugsa òg at den russiske presidenten Vladimir Putin «gjentekne gonger [har] bekrefta at han er klar for ein fredsprosess».

I juni la Putin fram ei liste med vilkår for den umiddelbare byrjinga på forhandlingar med Kiev, som inkluderte den fullstendige fjerninga av ukrainske soldatar frå alle russiske territorium, so vel som juridiske garantiar om at Ukraina skulle forplikte seg til nøytralitet og gå vekk frå håpet sitt om å bli medlem i NATO.

Kiev avviste desse krava, og Vladimir Zelensky nekta å gje nokon som helst territorium til Russland.

I mellomtida har Trump gjentekne gonger lovt å raskt få ein slutt på Ukraina-konflikten so fort han trer inn i embetet, men har ikkje avslørt detaljane i planen sin om å løyse krisa. Mediereportasjar har antyda at han kanskje skal tvinge Ukraina til å gje opp sine NATO-ambisjonar og forhandle fram ei frysing av konflikten.

Moskva, derimot, har utelukka frysing av konflikten, og insistert at dei kan oppnå alle måla med militæroperasjonen sin på ein eller annan måte.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget