Giorgia Meloni: «Eg kjem til å bli kalla rasist, men utlendingar er overrepresenterte i valdsbrotsverk mot kvinner»

Thomas Brooke i Remix News melder:

Statsminister Giorgia Meloni har gardert seg mot forventa skrik om rasisme for å setje søkjelyset på den harde realiteten at eit uforholdsmessig tal utanlandske statsborgarar er ansvarlege for valdsbrotsverk mot kvinner i Italia.

I ein tale under World Day for the Elimination of Violence Against Women, sa Meloni: «No kjem eg til å bli definert som rasist, men der er ein større førekomst, uheldigvis, i saker om seksuell vald, av innvandrarfolk, spesielt ulovleg, fordi når du har ingenting oppstår det ei degenerering som kan føre alle stader.»

Den italienske statsministeren viste til alarmerande statistikk for å støtte påstandane sine. «Utlendingar i landet vårt representerer 8% av heile befolkninga, og i landet vårt i 2023 var der 5832 seksuelle overfall, og av desse vart 2524 utført av utlendingar, altso 43,3% av dei totale lovbrota utført av representative 8% av heile befolkninga.»

Meloni insisterte at problemet handla om offentleg tryggleik, og fokuserte på steg regjeringa hennar har teke for å adressere kriminalitet. «Vi har sendt ut særs viktige signal,» sa ho, og viste til «tilsetjingar i politistyrkane» og nye kriminallover som er laga for å «kjempe mot den veldige utryggleiken i byane våre».

Ho la òg vekt på behovet for konsekvensar for gjerningspersonar. «Vi må garantere tilstadevering av politiet, garantere at når nokon utfører eit brotsverk, må vedkomande betale for det brotsverket, som er eit anna tema vi har i Italia,» sa ho.

Når det gjeld å støtte valdsoffer, la Meloni vekt på kor viktig det er med spesialisert opplæring. «Kva meir kan bli gjort for opplæring av magistratar og politistyrkar som handterer saker om vald mot kvinner? Det er særs vanskeleg å forstå korleis ein person reagerer eller kan reagere. Det er eit tema av frykt, av skam, det er ein ekstremt intim sfære, so ein treng spesifikk opplæring.»

Ho erkjende òg dei spranga Italia har gjort i lovverket, og skrytte over administrasjonen sin for å fullføre «ei endeleg lov som vart einstemmig godkjent av politistyrkane for eit år sidan. Ein av dei få tinga vi greidde å godkjenne einstemmig.»

Visestatsminister Matteo Salvini gjentok Meloni sine bekymringar og gjorde ære på offer for kjønnsbasert vald i eit treffande innlegg på sosiale media. Salvini, som delte ei liste over kvinner drepne av både italienarar og utlendingar, la vekt på at ukontrollert innvandring har forverra vald, spesielt frå individ som kjem frå land med annleis kulturelle normer.

Salvini sette fokus på saka om Saman Abbas, ein 18-åring som vart drepen av sin pakistanske familie for å avvise eit arrangert ekteskap, og Pamela Mastropietro, ein 18-åring som vart brutalt myrda av ein nigeriansk statsborgar.

Desse døma, argumenterte han, sette strek under hastebehovet for strengare innvandringspolitikk.

«Vi må forsvare kvinnene våre og beskytte verdiane tryggleik og verdigheit som samfunnet vårt held kjære. Vald kjenner ingen nasjonalitet, men det å gjenkjenne mønster er grunnleggjande når vi skal lage effektive løysingar,» sa Salvini.

«Å forsvare jenter betyr derimot òg å erkjenne den uunngåelege og veksande førekomsten av utanlandske gjerningsmenn, eit urovekkjande faktum som på ingen måte får dei italienske tilfella til å sjå mindre alvorlege ut, men som set søkjelyset på dei farlege konsekvensane av ukontrollert innvandring, der dei ofte kjem frå land som ikkje deler vestlege prinsipp og verdiar,» la han til.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget