Aukande tal ukrainske flyktningar i Berlin planlegg å bli på ubestemt tid

Thomas Brooke på nettstaden Remix News formidlar:

Eit aukande tal ukrainske flyktningar i Berlin planlegg å gjera byen til dei permanente heimane sine, ifølgje ei undersøking utført ved Tegel krisesenter, der 65 prosent av dei spurde uttrykte eit ønske om å busetja seg i den tyske hovudstaden.

Talet markerer eit stort skifte frå eit år sidan då dei fleste planla å returnera til Ukraina etter krigen.

«Me ser at biletet er i ferd med å snu,» sa Mark Seibert, president for Statskontoret for flyktningsaker (LAF), til det tyske pressebyrået, sitert av Welt. «Akkurat no seier eit fleirtal: ’Vi blir her. Me gjer oss klare.’»

Seibert noterte ei auka interesse for tysk språkkurs og jobbmoglegheiter blant ukrainarane, noko som speglar den aukande intensjonen deira om å integrera. Ei nyleg jobbmesse som vart halde på overnattingsstaden Tegel, skal ha hatt sterk deltaking frå ukrainske flyktningar som er ivrige etter å finna arbeid.

Sidan starten på Russlands invasjon av Ukraina i februar 2022, har titusenvis av ukrainarar søkt tilflukt i Berlin, med anslag som tyder på at mellom 50 000 og 60 000 ukrainarar for tida bur i byen.

Rundt 9000 av dei bur i statlege overnattingsstader administrerte av LAF; rundt 3000 er innlosjerte i Tegel krisesenter, medan andre har funne privat bustad eller vorte tekne inn av lokale innbyggjarar.

Ukrainarar nyt godt av ein distinkt juridisk status i Tyskland, ulikt frå andre asylsøkjarar. Dei har lov til å jobba og ha tilgang til helsetenester, sosiale ytingar og språkkurs.Trenden i Berlin er også sett over heile landet, med følgjande årlege meiningsmålingar som viser eit større ønske blant nykommarar om å bli i Tyskland på ubestemd tid.

Ei undersøking utført i fjor av forskingsgruppa IAB viste at 44 prosent av ukrainske flyktningar planla å bli, opp frå 37 prosent året før.

Trass i den høge påmeldinga til språkkurs – tre firedelar av ukrainske flyktningar i arbeidsfør alder deltek eller har fullført dei – er språkkunnskapar framleis eit stort hinder, der berre 8 prosent i den siste nasjonale meiningsmålinga rapporterte å ha ein «god» eller «veldig god» forståing av det tyske språket.

Dette blir spegla i sysselsetjingsprosenten, der berre 18 prosent av flyktningane i arbeidsfør alder er i vanleg jobb.

Frå den siste oppdateringa på nettstaden til FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i byrjinga av november, har rundt 1,22 millionar ukrainarar vore registrert i Tyskland sidan krigen starta.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget