Tysk rådsgruppe vil ha avgrensing av talet kebabbutikkar og tyrkiske barberarar i bykjernen

Thomas Brooke på nettstaden Remix News formidlar:

Den kristne demokratiske unionen (CDU) si rådsgruppe i Wesel, Nordrhein-Westfalen, har innført eit forslag om å avgrensa talet på kebabbutikkar og tyrkiske barberarar [«barbershops»] i sentrum.

Med tradisjonell detaljhandel i tilbakegang, har ledige butikkar i hovudgater over heile Tyskland vorte overteke av serviceleidde verksemder, inkludert mobiltelefonbutikkar, frisørsalongar og over 18 000 kebabbutikkar. Forslaget, som er først forventa å ha vorte diskutert på eit rådsmøte onsdag, uttrykte bekymring over innverknaden deira på byen.

«Me fryktar at for mange av dei same butikkane vil ha ein negativ innverknad på utviklinga av butikkstrukturen i sentrum og vil derfor gjerne ha passande kontrollmoglegheiter,» sa Jürgen Linz, leiar av CDUs parlamentariske gruppe, som sitert av Bild.

Offentlege diskusjonar og sosiale medium har gjenteke desse bekymringane, med kritikk som aukar over spreiinga av slike butikkar i byen med 60 000 innbyggjarar.

Forslaget hentar inspirasjon frå eit liknande initiativ i Heilbronn, Baden-Württemberg, der ein juridisk rapport frå PricewaterhouseCoopers (PwC) indikerte at kommunar kan lovleg regulera detaljhandel og restaurantsamansetning. Heilbronns initiativ klarte likevel til slutt ikkje å få fleirtalsstøtte.

Wesel CDU håpar på eit anna utfall. «Derfor ønskjer me at administrasjonen skal undersøkja om PwCs juridiske oppfatning også kan brukast i Wesel,» la Linz til i forslaget.

Byen har vorte leidd av ein sosialdemokratisk (SPD)-ordførar sidan 2009, og CDU-planen vil neppe gå igjennom, spesielt med den medregjerande SPD som gir uttrykk for sterk motstand.

Den lokale parlamentariske gruppa kalla dei føreslegne restriksjonane «juridisk tvilsame og økonomisk skadelege.» I ei fråsegn hevda partiet at det ikkje er nokon konkrete bevis for at slike verksemder skader utviklinga i sentrum.

Spørsmålet om tyrkiske barbershops, spesielt, har også vore eit stridsfelt i andre europeiske nasjonar, sist i Storbritannias valkamp.

Tidlegare Reform Uk-leiar Richard Tice antyda at det aukande talet slike etablissement var knytt til kvitvasking av pengar og kriminelle verksemder. «Blir me lurte? Det viser seg at mange berre er frontar for kvitvasking av pengar for den stadig veksande narkotikahandelen», hevda Tice under ein kampanjetale tidlegare i år, og skulda lokale styresmakter for passivitet på grunn av frykt eller inkompetanse.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget