«Tyler Durden» på nettstaden Zero Hedge skriv:
Europeiske nyheitsorganisasjonar ser verkeleg ut til å hate ytringsfridommen. Den europeiske føderasjonen av journalistar [EFJ] (som hevdar å representere meir enn 320 000 medlemmer) har følgt The Guardian og Den tyske journalistforeininga i ei erklæring om at dei kjem til å slutte å publisere på Elon Musk si X-plattform frå og med 20.januar 2025 – innviginga av den andre presidentperioden til Donald Trump. EFJ er den europeiske regionale organisasjonen til Den internasjonale føderasjonen av journalistar.
Medan EFJ er ei gruppe som det store fleirtalet truleg aldri har høyrt gjete, kjem erklæringa deira i kjølvatnet av ei stadig større bølgje av misnøey blant regjeringar og etablerte media i EU og Storbritannia på grunn av dei nye standardane for ytringsfridom hjå X (tidlegare Twitter). EFJ-president Maja Sever argumenterte i ei fråsegn om «X-odus» [ordspel på Exodus, ei stor folkeutvandring; oms.an.]:
«Vi kan ikkje halde fram å ta del i å fôre det sosiale nettverket til ein mann som proklamerer døden til media og dermed døden til journalistar… Sosialmedie-nettstaden X har blitt den føretrekte vektoren for konspirasjonsteoriar, rasisme, høgreekstreme idear og kvinne-diskriminerande retorikk. X er ei plattform som ikkje lenger tener folkets interesser i det heile, men dei særskilde ideologiske og finansielle interessene til eigaren og hans politiske allierte.»
Med andre ord har Elon Musk løfta vekk det kvelande, våte teppet av nettsensur frå éi enkel nettside, og europeiske media klikkar i vinkel. Organisasjonen hevda i tillegg at presidenten deira hadde blitt gjenstand for «kvinnediskriminerande nett-trakassering og dødstrugslar», sjølv om dei ikkje kom med nokon bevis som støtta skuldinga.
Tomme woke-frasar slik som «rasisme» og «kvinnediskriminering» har ikkje lenger ein effekt på folk flest, og den verkelege grunnen til at journalistar flyktar frå X er at dei no kan bli utfordra for den falske informasjonen og den partiske journalistikken sin på rettferdig grunnlag og i ein rettferdig debatt. Under det tidlegare progressive Twitter-regimet kunne venstreorienterte journalistar og aktivistar rett og slett kontakte sine venner i selskapet og få kritikk av seg flagga eller til og med forboden.
Langt frå å vere ein «vektor for konspirasjonsteoriar», har X blitt den einaste større sosialmedie-formidlaren på internett der alle synspunkt til høgre for Karl Marx og World Economic Forum får lov til å bli publiserte utan ustanseleg flagging. Den kulturelle elitismen og heiinga på sensur framvist av konsern-nyheitsnettstader dei siste åra er den eksakte grunnen til at dei har mist respekten til det store fleirtalet av folket.
Når Musk seier at media er døde, tek han ikkje feil. Elfenbeinstårnet til dei gamle medie-portvaktene har for lengst smuldra vekk i ubetydelegheit. Dagens journalistikk er synonymt med desinformasjon og indoktrinering, og dess meir akademisk eksponert ein journalist er, dess mindre kan dei bli stolt på når det gjeld å fortelje sanninga i dei fleste tilfelle.
So langt har ingen USA-baserte medieorganisasjonar valt å forlate X, men individuelle nyheitsrepresentantar har. Erklæringa frå EFJ reflekterer ein urovekkjande trend av venstreekstrem autoritarisme og sensur innåt i EU og Storbritannia. I det USA raskt går vekk frå lenkene til woke-ideologien og globalismen, ser Europa ut til å falle stadig djupare ned i mørket.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
