Liz Heflin på nettstaden Remix News formidlar:
Dei polske nyheitsportalane Gazeta Wyborcza og Krytyka Polityczna har bestemt seg for å forlata X på grunn av «desinformasjon».
Gazeta Wyborcza vil flytta til BlueSky, og redaksjonen seier: «I redaksjonen har me teke avgjerda om å avslutta aktiviteten vår på X-tenesta. Me har tenkt på dette lenge. Me trur at X ikkje berre ikkje nedkjempar, men støttar innlegg av desinformativ karakter,» som sitert av wPolityce .
Krytyka Polityczna, også ein venstreorientert portal, har visstnok forlate X av same grunn, og uttalt at «Elon Musks Twitter – no malt som ein svart X – er eit rom for å spreia konspirasjonsteoriar, hat og desinformasjon.
«Den britiske avisa Guardian og den spanske La Vanguardia har også kunngjort at dei ikkje lenger vil publisera innlegg på X, og skuldar Elon Musk for å ha gjort X «giftig» i arbeidet sitt for å avskaffa sensur.
Som wPolityce påpeikar, søkjer venstreorienterte redaksjonar tydelegvis ikkje ei sensurfri medieplattform der fri og open diskurs herskar, og føretrekkjer avanserte sensurtaktikkar, som dei som er gjeldande hos BlueSky. Der blir kontoar som er skuldige i å leggja ut noko som helst «kontroversielt» innhald, som at det berre er to kjønn, omgåande avskorne.
Det store fleirtalet av kommentatorane under innlegga til Krytyka Polityczna og Gazeta Wyborcza som kunngjorde sin avgang, ser ut til å vera glade for at dei dreg. Nokon sa likevel at dei kjenner seg forrådd og at å forlata denne tenesta er ein stor feil, sidan X er den største plassen i Polen for politisk diskusjon.
I eit direkte stikk på Gazeta Wyborcza sa Krzysztof Stanowski, skaparen av Channel Zero: «På grunn av det kraftige hatet på X-portalen, det konstante avviket frå rette normer og skikkar, og endå verre, den permanente kryssinga av grensene for god smak, bestemde eg meg for å bli på denne plattforma og intensivera aktiviteten min.»
«Etter at Gazeta Wyborcza, som er lei av desinformasjon, forlét Twitter, fall nivået av desinformasjon. Paradokset er at viss me fortel dei no at dei kan komma tilbake fordi nivået av desinformasjon har sokke, vil nivået stiga igjen og dei må gå igjen. Ein vond sirkel,» la han til i eit anna innlegg.
I mellomtida la Lov og Rettferd (PiS)-parlamentsmedlem Jan Kanthak ut ein video av seg sjølv der han lest som han græt på grunn av begge nyheitsformidlarane sin avgang.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
