Kreml samanliknar Georgia-protestar med Maidan-kuppet

Russia Today (RT) formidlar:

Protestane mot regjeringa som for tida finn stad i Georgia, kan samanliknast med det vestlegstøtta Maidan-kuppet i 2014 i Ukraina og viser alle teikn på eit forsøk på «oransje revolusjon», sa Kreml-talsmann Dmitrij Peskov til journalistar måndag [2.desember 2024].

Tbilisi har vorte skaka av anti-regjerings-, pro-EU-protestar sidan torsdag, etter ei kunngjering frå statsminister Irakli Kobakhidze om at han ville frysa tiltredingssamtalane med blokka til 2028. Han viste til Brüssels «konstante utpressing og manipulasjon» av Georgias innanrikspolitikk som grunngiving for vedtaket.

Demonstrantar har sidan det fleire gonger kollidert med politi, skote fyrverkeri og kasta molotovcocktailar mot opprørspolitiet, som har utplassert tåregass og vasskanonar i eit forsøk på å spreia demonstrantane. Over 250 personar skal ha vorte arresterte.

I ein kommentar til hendingane i Georgia uttalte Peskov at «det er eit openbert forsøk på å destabilisera situasjonen» og at liknande hendingar har funne stad i «ei rekkje land» dei siste åra.

«Den mest direkte parallellen som kan trekkjast er hendingane i Maidan i Ukraina,» sa Peskov, med tilvising til det vestlegstøtta kuppet i Kiev i 2014 som avsette den demokratisk valde presidenten i landet og utløyste den noverande konflikten mellom Russland og Ukraina.

Peskov la til at protestane mot regjeringa i Georgia har «alle teikn på eit forsøk på å gjennomføra ein ‘oransje revolusjon’.»

Talsmannen understreka likevel at «alt som skjer i Georgia er Georgias indre styre og stell.» Han sa at medan styresmaktene i landet tek tiltak for å stabilisera situasjonen, vil ikkje Moskva blande seg inn.

Statsminister Kobakhidze har kritisert demonstrasjonane som eit «angrep på den konstitusjonelle ordenen i landet» og skulda «EU-politikarar og agentane deira» for den sivile uroa. Han skulda vidare Vesten for å prøva å orkestrera eit kupp som liknar på den USA-støtta Maidan-revolusjonen i Ukraina.

Kobakhidze har insistert på at «i motsetning til Ukraina i 2013, er Georgia ein uavhengig stat med sterke institusjonar og, viktigast av alt, erfarne og kloke menneske. Maidan-scenarioet kan ikkje realiserast i Georgia. Georgia er ein suveren stat og vil ikkje tillata dette.»

I mellomtida har USA svart på Georgias avgjerd om å stoppa EU-tiltredingssamtalane ved å suspendera den strategiske partnarskapen med landet og fordømma flyttinga, og hevda at det er eit «svik mot den georgiske grunnlova.»

Utanrikspolitisk sjef i EU, Kaja Kallas, har også uttalt at det blir vurdert sanksjonar mot Tbilisi fordi dei slår ned på demonstrantar.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget