Ethan Huff i Natural News skriv:
Den prisvinnande dokumentarskaparen Jenner Furst har sleppt ein ny dokumentarfilm om Tony Fauci med tittelen Thank You, Dr. Fauci, som dukkar djupt inn i Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemi»-bløffen og den tilknytte tilsløringa.
Regissøren Furst har vunne Peabody Award to gonger og blitt nominert til Emmy fire gonger, og skildrar seg sjølv som ein progressiv som braut med Det demokratiske partiet. Reisa hans inn i innhaldet i filmen byrja i tidleg 2020 då han vart kontakta for å skrive ein skryteartikkel for Fauci, som brukte å vere leiar i National Institute for Allergy and Infectious Diseases (NIAID), ei avdeling under National Institutes of Health (NIH).
Furst skreiv aldri Fauci-artikkelen, men enda i staden opp i eit kaninhòl der kan kom ut på andre sida med Thank You, dr. Fauci, eit prosjekt som hovudstraumspressa ignorerer. Sjølv den populære kritikarnettsida Rotten Tomatoes nektar å røre filmen.
Denne traileren tilbyr ein sniktitt på Thank You, dr. Fauci.
Du kan leige heile filmen på den offisielle nettsida, som har meir informasjon om korleis ein kan bestille private visningar og til og med bli partnar med TVOD Sales.
(Relatert: Tidlegare i år vart Remdesivir Papers sleppt, som viser at remdesivir, det føretrekte legemiddelet til Tony Fauci under «pandemien», drap tusenvis av militære tenestemenn.)
Furst pressar Musk til å promotere Thank You, dr. Fauci på X
Enkelte har problem med å finne Thank You, dr. Fauci på Google og andre søkjemotorar på grunn av shadowbanning, ifølgje Furst, som sa til uavhengige media at sensuren nok ein gong har gått amok.
«Media-stillheita om filmen beviser rett og slett av den ekte covid-historia framleis er høgst sensurert,» sa Furst.
«Journalistar kan framleis ikkje dekkje covid sannferdig hjå større formidlarar, og problemet er langt større enn dei sjølve eller redaktørane deira. Dei mektigaste lobbyane på planeten, og vekta av den amerikanske regjeringa sit framleis på den frie pressa som ein 300-kilos gorilla.
Furst håper at Thank You, dr. Fauci vil få merksemd på Elon Musk si X/Twitter-plattform, med tanke på at Musk sjølv har vore i klammeri med Fauci på grunn av covid-bedraget hans.
«Eg føler at Elon kan endre denne samtalen over natta,» heldt Furst fram.
«Landet er splitta berre på grunn av den vellykka propagandaen frå venstresida. Ingen Demokrat kan sjå heile filmen og sjå på Fauci eller pandemien på same måten igjen. Det er difor hovudstraumsmedia ikkje ønskjer å erkjenne dette.»
Det er verdt å merkje seg at den tidlegare direktøren i U.S. Centers for Disease Control and Prevention (CDC), dr. Robert Redfield, er med i filmen, og det er òg andre figurar som spelte sentrale roller i covid-dramaet, men som i tillegg vart utestengde frå den indre sirkelen til Fauci. Den indre sirkelen, veit vi no, konspirerte for å konstruere eit folkemordarisk massebedrageri med heile pakka med nedstengingar, munnbind og Operasjon Warp Speed-«vaksinar».
Covid-etterforskar David Asher, tidlegare i utanriksdepartementet, og molekylærbiolog ved Rugers University, Richard Ebright, som brukte årevis på å opponere mot Fauci-agendaen innåt i det større vitskaplege samfunnet, er òg med i Thank You, dr. Fauci.
Filmen tek òg ein nærare titt på det som ser ut som menneskeskapte, HIV-liknande tillegg i det sokalla covid-«viruset» som får ein til å stille spørsmål med det sanne opphavet til det.
«Gud velsigne deg, dr. Fauci,» er korleis ein lesar frå sørstatane spøkefullt formulerte seg om den sanne meininga bak tittelen på filmen.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
