Verdsleiarar skriv under på ny sensurerklæring på FN-arrangement, medan generalsekretær António Guterres tek til orde for auka nettsensur

Innlegget er henta frå nettstaden Vaken.se.

Ei ny sensurerklæring, drive av FN , vart signert av fleire verdsleiarar under eit arrangement i Portugal – Cascais-erklæringa ved FNs sivilisasjonsallianse (UNAOC) Global Forum.

Me har ein kopi av slutterklæringa tilgjengeleg for deg her.

FNs generalsekretær António Guterres talte på møtet og gjentok haldninga si til sensurering av nettale, og kom med dei vanlege argumenta for kvifor dette er nødvendig.

Under talen sin vende Guterres seg til «ukontrollerte digitale plattformer og KI» [kunstig intelligens; red.an.] og skulda dei for å la «hatefulle ytringar spreia seg som aldri før». Han nemnde også «desinformasjon og deepfakes» i same samanheng.

Guterres bad Big Tech, annonsørar og media – saman med nokre regjeringar og organisasjonar som FN, som ofte er dei største talsmennene for sensur på nett – om å trappe opp innsatsen. Han uttrykte det som at desse aktørane må «ta ansvar for rolla si» i spreiinga av hatpropaganda, deepfakes og meir.

Han forfekta igjen FN-initiativet som kritikarar seier står overfor algoritmisk sensur og demonetisering under påskot av å få bukt med «desinformasjon og hatefulle ytringar» – nemleg FNs globale prinsipp for informasjonsvern.

Ifølgje Guterres bør desse tilrådingane skapa «eit meir humant informasjonssystem».

I Cascais-erklæringa uttrykkjer leiarane som signerte dokumentet bekymring for den globale spreiinga, både online og offline, av «desinformasjon, feilinformasjon og hatefulle ytringar».

Underskrivarane ønskjer at desse fenomena skal nedkjempast, samtidig som «informasjonsintegriteten» blir styrkt – likevel utan å spesifisera korleis dette skal oppnåast eller definerast.

Erklæringa «merkar» også eit anna kontroversielt FN-initiativ, Pact for the Future, som blir presentert som ei anerkjenning av viktigheita av «ein fornya multilateralisme» og rolla til religiøse organisasjonar i å fremja ein fredskultur.

Kritikarar av denne pakta ser ho likevel som ein annan mekanisme for å innføra meir sensur og overvaking.

Argumenta om KIs påstått fare, feilinformasjon og hatytringar er fletta inn i den overordna bodskapen i erklæringa om behovet for å verna ulike menneskerettar og kulturelt mangfald.

Blant dei spesifikke måla er «overvaking av antisemittisme» og dessutan «kamp mot islamofobi» – inkludert utnemning av ein spesiell FN-utsending for å handtera sistnemnde spørsmål.

Omsett av Vaken.se til svensk frå originalartikkel på Infowars.com. Omsett til nynorsk av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget