Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice formidlar:
Noreg planlegg å etablera eit nytt NATO-knutepunkt i Sørreisa, nær Russlands nøkkelhamn Murmansk, med sikte på å bidra til å førebu troppane til den USA-leia militærblokka på amfibieangrep.
Forsvarsdepartementet i Oslo kunngjorde fredag at det nye amfibiske krigføringssenteret er der amerikanske, britiske og nederlandske marinesoldatar vil bli trena midt oppi auka spenningar med Russland.
Senteret er forventa å stå klart innan 2026.
RT melder: Det nye knutepunktet vil bli oppretta i Sørreisa kommune nord for Lofoten i Noregs Arktis, nokre hundre kilometer i luftlinje frå Russlands strategiske hamn Murmansk, som er ein sentral militær- og marinebase.
Anlegget til NATO-medlemmen vil husa fleire hundre soldatar og er venta å vera fullt operativt i 2026.
«Me må trena saman for å kunna forsvara Noreg, Norden og NATO i krise og krig,» sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram og la til at landet hans no er «i ein meir alvorleg tryggingspolitisk situasjon».
«Me ønskjer auka alliert nærvær i Noreg. Meir trening og øving er bra for norsk tryggleik. Me treng allierte for å bli kjende med norske klima- og vêrforhold. Me må også øve saman i tilfelle behovet skulle oppstå. Så dette er ei ønskjeleg utvikling,» sa han.
Det nye senteret vil ha nære samband med fleire nærliggjande militære anlegg, som ministeren hevda vil vera svært nyttig for NATO.
Kunngjeringa kjem etter at den norske regjeringa i vår la fram ein plan for ein historisk auke i forsvarsutgiftene, med mål om å bruka 54 milliardar dollar [nesten 600 milliardar norske kroner; red.an.] på militæret frå 2024 til 2036.
Som ein del av pakken ønskjer Oslo også å skaffa det første langtrekkjande luftvernsystemet sitt og utvida hæren frå éin til tre brigadar, samtidig som Heimevernets storleik blir auka til 45 000 soldatar.
Russlands utanriksminister Sergej Lavrov signaliserte i september at Moskva vil sjekka NATOs ekspansjonistiske ambisjonar i regionen. «Me ser korleis NATO trappar opp øvingar knytte til moglege kriser i Arktis. Landet vårt er fullt førebudd på å forsvara sine interesser i militære, politiske og militærtekniske termar, sa han den gongen.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
