EU rapporterer dramatisk fall i fødselsraten

Russia Today (RT) formidlar:

Talet på babyar fødde i EU-statane fall til eit rekordlågt nivå i fjor, ifølgje dei siste dataa frå det statistiske kontoret til blokka (Eurostat). Trass dette har den totale befolkninga vore på veg opp på grunn av masseinnvandring.

Fødslar i EUs 27 medlemsland var på 3 665 000 i 2023 – ein nedgang på 5,5 % frå år til år, ifølgje Eurostats tal. Fødselsratane har falle jamt over heile EU sidan 2008.Talet på fødslar i fjor var det lågaste i EU-landa sidan samanliknbare data først vart samla inn i 1961, og den årlege nedgangen er den største som er registrert, melder Financial Times (FT).

Dei kraftigaste nedgangane i fødslar det siste tiåret har vorte registrerte i Italia, Spania, Hellas, Polen, Finland og dei baltiske statane.

Demografiske ekspertar spurt av FT meiner at den langvarige trenden med at europearar får færre barn kan ha vorte forverra av bekymringar over økonomiske og politiske spenningar på internasjonalt nivå, den verste auken i inflasjon på ein generasjon, klimaendringar og Covid-19-pandemien.

Ifølgje ein fersk rapport er den totale fruktbarheitsraten halvert frå 3,3 barn per kvinne i 1960 til 1,5 i 2022 i dei 38 landa som er medlemmer av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som inkluderer 22 EU-medlemsland pluss Australia, Canada, Japan, Sør-Korea og andre.

Ifølgje Eurostat har alle EU-regionar fruktbarheitstal under erstatningsnivået på 2,1 levandefødde per kvinne.

Likevel har befolkninga i EU vore på veg opp det siste tiåret, med unntak av pandemiåret 2021. Det mest oppsiktsvekkjande hoppet vart registrert i 2023, ifølgje tal frå Eurostat.

«Den negative naturlege endringa (fleire dødsfall enn fødslar) vart overtalig av den positive nettomigrasjonen,» sa byrået i ei utgiving i juli.

Eurostat knytte befolkningsveksten til auka migrasjon etter pandemien og tilstrøyminga av innvandrarar frå Ukraina som fekk mellombels vernestatus i EU.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget