Kvinner over heile landet gler seg: Dr. Greve lanserer «orgasmesåpe»

KK, som har blitt kåra til årets magasin, publiserte fredag 29.november 2024 ein artikkel om såpe og orgasme. Meir presist skulle fire kvinner filmast like etter at dei hadde fått orgasme, som ledd i ei marknadsføring av ein ny «intimserie» frå dr. Greve, Phases. Som det står i artikkelen innleiingsvis:

«I et rom fylt med blomster står det en seng. Mot veggen er det plassert et kamera foran en stol. Fire kvinner skal, én etter én, gå inn i rommet, alene, få orgasme, for så å gi et tegn til produksjonen om at de er klare til opptak.»

Kreativ leiar i Trigger, Magdalena Kamøy, fortalde:

«Ideen kom etter at vi fikk innsikt i alt det fantastiske kvinnekroppen er i stand til. Når kvinner opplever orgasme, utløses en cocktail av lykkehormoner som både løfter humøret og demper angst og stress.»

I si nyfikne etter å finne ut av korleis slikt ser ut i praksis, «samlet vi fire modige kvinner som var med på å vise oss hvordan de så ut bare sekunder etter orgasme. Det ga oss et unikt innblikk i noen veldige personlige, intime øyeblikk, som viser hvor tett velvære og nytelse henger sammen.»

Ei av dei «modige» kvinnene som utleverer seg med bilete og fullt namn, er 46 år gamle Leika Mark Noppenau. Den danske kvinna som bur i Noreg, vart tilsynelatande headhunta frå ei nettside for statistar, og fortel at ho følte seg som ei filmstjerne sidan ho vart so godt teken vare på. Som ho sjølv fortel:

«De forsikret meg om at det var helt privat for meg, døren var lukket og de andre hørte ikke noe. Jeg hadde på musikk, og spilte det ganske høyt. Men jeg følte at det var privat.»

Då det hadde gått for danske Leika, gav ho eit teikn til kameraet, og «produksjonen kom inn i rommet».

Hennar eigne ord om opplevinga like etter orgasmen:

«Jeg følte meg levende, og opplevde at jeg glødet i hele meg. Jeg kjente meg glad og varm.»

Saksyndig ønskjer å gratulere Leika med det som må ha vore ei unik og spennande oppleving for ho.

Nina Holen Skotte, medie- og kommunikasjonsdirektør i Orkla Home & Personal Care, fortel at målet med kampanjen er eit ønske om å «løfte kvinners velbehag på en ny måte». Deira nye produktserie består av intimvask, glidemiddel og intimgelé. Vanlegvis er dr. Greve kjent for å tilby hygieneprodukt for intimsoner, slik som til dømes underliv. Tørr og irritert hud skal seiast å vere ein gjengangar i målgruppa. Vanlege såper kan vere for tøffe mot eit start og sensitivt kvinneunderliv, og då er det bra at det finst milde produkt slik som dr. Greve.

Om damer som nærmar seg det berykta klimakteriet får problem med tørt underliv, tilrår gynekolog Siri Kløkstad at ein bruker mild såpe eller intimolje. I tillegg tilrår ho glidemiddel som eit godt hjelpemiddel i seksuelle situasjonar.

Det er uvisst om Leika brukte glidemiddel då ho låg og onanerte medan «ingen» såg eller høyrde ho.

So kva får ein 46 år gammal danske til å stille opp i ein slik reklamefilm. Ho ønskjer å vere med i reklamefilmen for å normalisere sex og orgasme. Med hennar eigne ord:

«Bare å si ordet orgasme kan skape skam. Det er mye tabu rundt seksualitet. Om jeg ønsker at kvinner skal være frie og se skammen i øynene, må jeg gjøre det selv. Derfor synes jeg hele opplegget var fantastisk og superbra.»

Her er eit bilete av det som visstnok skal vere ei post-orgasmisk Leika. Legg merke til raudfargen i huda – som vi her på Saksyndig har sett ein annan stad, i ein heilt annan kontekst.

Avslutningsvis presenterer KK ei spørjeundersøking gjort av Norstat, der dei har spurt 500 kvinner om intimplagar. Der svarer «godt over halvparten av kvinnene mellom 30 og 39 år at de har opplevd plager i intimområdet som en hindring for sex».

Når kjønnsorgan er tørre og gjer vondt, seier det seg sjølv at sex og onani får eit negativt skjer over seg. Då er vegen kort til leiarstillingar og politiske karrierar, som er ein lagnad eg ikkje unner min verste fiende. Vi her i Saksyndig ser fram til at dr. Greve sin nye intimserie lyser opp kvardagen til alle ekte kvinner i Noreg. Ting kan vel ikkje bli særleg verre enn dei er no.

Kommenter innlegget