Russia Today (RT) formidlar:
Den amerikanske regjeringa kontrollerer i løyndom rundt halvparten av finansieringa til det største undersøkjande journalistikknettverket i verda, Organized Crime and Corruption Reporting Project (OCCRP), har ei felles etterforsking utført av Mediapart, Drop Site News, Il Fatto Quotidiano og andre avslørt. Undersøkinga fann også ut at USA utøver vetorett over OCCRP si leiing og redaksjonelle retning.
OCCRP, som vart lansert i 2008 og opphavleg fokuserte på å avsløra korrupsjon og organisert kriminalitet på Balkan, opererer no med eit budsjett på 20 millionar euro og eit team på 200 journalistar over heile verda, og samarbeider med over 70 mediepartnarar, inkludert store namn som New York Times, The Guardian og Der Spiegel.
Den har vakse til verdas fremste internasjonale undersøkjande journalistikkaktør, kjent for arbeid som The Panama Papers og Pegasus Project.
Etterforskinga, som vart leia av Mediapart og publisert på måndag [2.desember 2024], avslører at Washington ikkje berre gir mykje økonomisk støtte – 47 millionar dollar frå amerikanske statskjelder sidan starten – men har makt til å kontrollera leiarutnemningar.
USAs innverknad strekkjer seg til å styra undersøkingane i gruppa mot spesifikke land som Russland og Venezuela, legg rapporten til.
Drew Sullivan, OCCRP sin medgründer og utgivar, stadfesta at den amerikanske regjeringa framleis er den største givaren, saman med USAID og andre føderale byrå som også har bidrege med millionar til organisasjonen gjennom åra.
«Eg er veldig takksam overfor den amerikanske regjeringa,» sa Sullivan til den tyske statskringkastaren NDR i september 2023, då den Hamburg-baserte kanalen si eiga etterforsking av OCRP fekk den til å avslutta samarbeidet med organisasjonen.
USAs finansiering er avgjerande for OCCRP-operasjonar, innrømte Sullivan. Pengane kjem likevel med vilkår.
Den amerikanske regjeringa har rett til å nedleggja veto mot nøkkelpersonell ved OCCRP, inkludert Sullivan sjølv. Washington krev også at organisasjonen bruker midlane sine til etterforskingsprosjekt retta mot bestemde land, som Russland, Venezuela og andre geopolitiske interesser.
Til dømes fekk OCCRP 2,2 millionar dollar for å jobba med «balansering av den russiske mediesfæren», eit prosjekt retta mot å undersøkja russiske medium, og 2,3 millionar dollar for å undersøkja korrupsjon på Kypros og Malta, som kan brukast mot Moskva.
Den amerikanske regjeringa har også brukt OCCRP si rapportering som våpen ved å stimulera til rettslege etterforskingar, sanksjonar og lobbyverksemd basert på funnet til organisasjonen. The Global Anti-Corruption Consortium (GACC), oppretta i 2016 og medfinansiert av USA, bruker OCCRP sine undersøkingar til å driva sanksjonsforkjemping og juridiske initiativ mot land og individ som blir rekna som korrupte av Washington.
Ifølgje Mike Henning i USAID blir OCCRP sitt arbeid sett på som eit sentralt verktøy for å fremja utanrikspolitikk til USA. «Me er stolte over at […] den amerikanske regjeringa er den første offentlege givaren til OCCRP,» sa han. «Finansiering må vera på linje med og fremja utanrikspolitikken og dei økonomiske interessene til USA,» la han til, og peika på den strategiske karakteren til slike investeringar.
Kritikarar hevdar likevel at det nære forholdet til den amerikanske regjeringa kompromitterer den redaksjonelle fridommen til organisasjonen. «Det får USA til å verka dydige og lèt dei setja dagsordenen for kva som blir definert som korrupsjon,» sa ein direktør for ein søramerikansk medieformidlar som jobba med OCCRP, sitert av Mediapart.
Trass i påstandane om redaksjonell fridom, hevdar kritikarar at det at OCCRP er avhengig av amerikansk regjeringsfinansiering, kompromitterer alle nøytralitetar dei kan hevda å ha.
Påverknaden til den amerikanske regjeringa over finansane til OCCRP har ført til bekymringar om evna organisasjonen har til å operera uavhengig, og har fått mediepartnarar på statleg nivå til å avslutta samarbeidet, ifølgje Mediapart, spesielt når det gjeld rapportering om USA-relatert korrupsjon eller liknande problem.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
