Journalist: Rundt 105 000 ukrainske soldatar drepne eller sakna

Russia Today (RT) rapporterer:

Det ukrainske militæret har fått minst 70 000 soldatar bekrefta døde og ytterlegare 35 000 sakna i konflikten med Russland, har journalisten Yury Butusov påstått, som mange trur er tilknytt tidlegare president Pyotr Poroshenko, og han viser til konfidensielle data frå generalstaben i landet til Vladimir Zelensky.

Butusov, redaktør for den populære nyheitsnettstaden Censor.net, kom med avsløringa torsdag [5.desember 2024] medan han svarte på eit spørsmål om eit rykte om eit tal på 100 000 drepne og 200 000 desertørar har noko som helst sanning i seg.

«Uheldigvis utgjer våre ugjenvinnelege tap i krigen, ifølgje dataa som generalstaben gav til hovudkvarteret til øvstkommanderande, dersom de tel døde og sakna saman, utgjer dei rundt 105 000 tenestemenn,» sa han.

Rundt 70 000 soldatar har blitt bekrefta døde, og ytterlegare 35 000 er rekna som sakna i kamp, sa Butusov. Journalisten kommenterte ikkje på det massive talet som ein trur reflekterer talet soldatar som har stukke på tjuvperm.

Journalisten viste òg til ein nyleg reportasje av The Economist, som siterte lekne etterretningsmemoar om dei ukrainske tapa. Veketidsskriftet antyda at Kiev hadde mist nesten 500 000 soldatar, der «minst» 60 000 til 100 000 er rekna for døde, og «kanskje ytterlegare 400 000 er for skadde til å halde fram med å kjempe». Butusov påstod at vestlege reporterar sannsynlegvis fekk tala frå same dokumentet som han sjølv.

The Economist-reportasjen vekte ein reaksjon frå sjølvaste Zelensky, der den ukrainske leiaren trekte talet i tvil.

«Nokon gav nyleg informasjon i amerikanske media om at 80 000 ukrainarar har blitt drepne. Men eg ønskjer å fortelje dykk nei, mindre. Mykje mindre,» sa han til Kyodo News tidlegare denne veka.

Kiev har vore ekstremt løyndomsfulle om tapa som militæret deira har lide i løpet av konflikten. Den einaste gongen eit offisielt tal vart gjeve var i februar i år, då Zelensky hevda at rundt 31 000 soldatar hadde blitt drepne sidan fiendtlegheitene byrja, og avviste nokon som helst høgare estimat som russisk propaganda. Tidlegare i år sa det russiske forsvarsministeriet at dei militære tapa til Ukraina, både drepne og skadde, sidan februar 2022, hadde nådd nesten 500 000.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget