Nettstaden Remix News rapporterer:
Dersom ei våpenkvile blir oppnådd i Ukraina, vurderer Vesten å sende Volodymyr Zelensky i «eksil» til London, skriv Do Rzeczy [«til poenget»] der dei viser til ein reportasje frå den spanske dagsavisa El Mundo via regjeringskjelder i Kiev.
Eit rykte har versert i diplomatiske sirklar i den ukrainske hovudstaden i to veker om at dersom det skjer ei våpenkvile, skal Vesten overtyde Zelensky om å sende seg sjølv i «eksil» til Storbritannia, og presidentval vil bli haldne i Ukraina.
Europeiske fredsbevarande styrkar, hovudsakleg soldatar frå Storbritannia og Frankrike, vil då bli sendt til Ukraina. Kiev kan òg rekne med «rask» tilgang til Den europeiske unionen og bistand til etterkrigsgjenoppbygginga av landet.
Ukraina hadde ein dårleg november, der Russland okkuperte den største mengda territorium i Ukraina sidan mars 2022, hovudsakleg aust i landet, nær Pokrovsk, ifølgje ekspertar frå Det amerikanske instituttet for krigsstudiar (ISW).
Gruppa seier at Moskva har okkupert totalt 68 500 kvadratkilometer sidan byrjinga på krigen, eller rundt 19% av heile Ukrainas før-2014-territorium, inkludert det annekterte Krim og delar av Donbas.
Seniorhjelparar til den valde presidenten Donald Trump har hatt møte med tenestepersonar frå Kiev, sidan den påtroppande presidenten har gjort det å få slutt på konflikten til topprioritet i administrasjonen sin, medan Zelensky tydeleg er lei av krig.
Leiaren i MI6, Richard Moore, slo alarm på grunn av den farlege situasjonen verda no står overfor. Etter å ha hatt møte med sitt franske motstykke, Nicholas Lerner, førre veke, sa han til pressa: Nicholas og eg har ingen tvil om kva som står på spel i Ukraina: dersom Putin får lov til å lykkast i å redusere Ukraina til ein vasallstat, vil han ikkje gje seg der.»
På same tida driv USA og pressar Ukraina til å byrje rekruttering av 18-25-åringar til å fylle opp dei væpna styrkane i Ukraina, men der er bekymringar om den demografiske framtida til landet om denne unge kohorten blir sendt til fronten.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
