Zelensky AVVISER fredsoppmoding frå Trump

Russia Today (RT) formidlar:

Ukrainas leiar Vladimir Zelensky har avvist ei oppmoding frå USAs påtroppande president Donald Trump om ei uvilkårleg våpenkvile og fredssamtalar mellom Ukraina og Russland.

Etter eit møte mellom Trump, Zelensky og Frankrikes president Emmanuel Macron i Paris på laurdag, gav den valde presidenten eit langt innlegg på sin Truth Social-plattform der han sa: «det bør vera ei uvilkårleg våpenkvile og forhandlingar bør byrja» for å løysa Ukraina-konflikten.

Ifølgje Trump vil Ukraina «ønskja å inngå ein avtale og stoppa galskapen».

Zelensky gjorde det likevel klart at dette ikkje er tilfellet i eit endå lengre innlegg publisert på X søndag, der han sa at konflikten «ikkje berre kan enda med eit stykke papir og nokre få signaturar.»

«Ei våpenkvile utan garantiar kan gjenopplivast når som helst… For å sikra at ukrainarar ikkje lenger lid tap, må me garantera pålitelegheita til freden og ikkje lukka auga for okkupasjonen,» sa den ukrainske leiaren.

Han understreka at «i dei okkuperte områda i Ukraina er det minst fleire millionar menneske igjen», og utelukkar endå ein gong moglegheita for at Kiev kan gi nokre territorium tilbake til Moskva i byte mot fred.»

«Det er nettopp slik fred gjennom styrke som me diskuterer med alle partnarane våre, så vel som trinna og garantiane som trengst for folket og staten som er angripen av Russland,» sa Zelensky.

Trump har fleire gonger hevda at han kunne ha avslutta Ukraina-konflikten innan ein dag etter retur til Det kvite huset, og har kritisert den avtroppande amerikanske administrasjonen for å bruka for mykje på å væpna Kiev. Ifølgje tidlegare medieoppslag kan han prøva å tvinga gjennom ei frysing av konflikten langs dei noverande kamplinjene, ved å bruka amerikansk hjelp til Kiev som innverknad.

Moskva har fleire gonger sagt at dei reknar ei frysing av konflikten som uakseptabel. Dei har insistert på at alle oppgjer berre er moglege dersom Ukraina trekkjer styrkane sine tilbake frå russisk territorium, inkludert dei tidlegare ukrainske regionane, sikrar rettane til den russisktalande befolkninga si og held seg nøytrale.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget