Thomas Brooke på nettstaden Remix News formidlar:
Den svenske regjeringa har gitt fleire styresmakter i oppgåve å kartleggja tilfelle av flyktningar som reiser til heimlanda sine, ein praksis som migrasjonsminister Johan Forssell beskreiv som undergravande når det gjeld integriteten til asylsystemet.
Initiativet, leia av det svenske migrasjonsverket i samarbeid med politiet og dei svenske ambassadane, er ute etter å styrkja handhevinga av forskrifter om opphald og vernestatus på grunn av bekymring for at mange av dei som søkjer asyl i det skandinaviske landet skal returnera til heimlandet for å feriera.
«Om du har asyl fordi du flykta frå eit land, er det rart om du reiser tilbake til det landet. Det kan bety at det ikkje lenger er grunnlag for vern, eller at det vart gitt falsk informasjon, seier Forssell.
Medan Migrasjonsverket allereie har styresmakt til å kalla tilbake løyve i slike saker, tek det nye oppdraget sikte på å betra informasjonsdelinga og etablera klarare prosedyrar. Resultata av dette arbeidet er forventa å bli rapportert til regjeringa innan neste sommar.
Debatten vart intensivert etter at ei undersøking frå Novus frå 2022, på oppdrag frå nettavisa Bulletin, avslørte at 79 prosent av flyktningane i Sverige hadde feriert i opphavslanda.
Tidlegare migrasjonsminister Maria Malmer Stenergard har tidlegare reist bekymring over saker der enkeltpersonar reiste tilbake kort tid etter å ha fått asyl.
I Sverige er det ingen restriksjonar for at flyktningar som har fått permanent opphaldsløyve kan reisa tilbake til heimlandet. Flyktningstatus kan likevel kallast tilbake dersom det viser seg at personen ikkje lenger treng internasjonalt vern.
Forssell erkjende moglegheita for å revidera reglane, som fireårsperioden som gjer tilbakekalling av opphaldsløyve meir utfordrande. Sjølv om han la merke til at det ikkje var nokon omgåande planar for lovendringar, nekta han å «utelukka det» i framtida.
«Dette handlar om å verna legitimiteten til asylsystemet og sikra rettferd,» understreka Forssell.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
