Russia Today (RT) formidlar:
Israels statsminister Benjamin Netanyahu har hevda at fallet til Bashar Assads regjering i Syria er eit «direkte resultat» av Israels militære kampanje mot Hizbollah og Iran.
Anti-regjeringsstyrkar, inkludert Hayat Tahrir-al-Sham (HTS)-jihadistar og USA-væpna militante frå den frie syriske hæren, storma Damaskus på laurdag [7.desember 2024], då den syriske hæren gjekk ned og Assad – ifølgje det russiske utanriksdepartementet – forlét landet og fór til eit ukjent reisemål. HTS-leiar Abu Mohammed al-Jolani, ein tidlegare al-Qaida-sjef, proklamerte siger i ein TV-tale søndag, og erklærte at «framtida er vår».
I eit besøk ved grensa mellom Israel og Syria søndag, hylla Netanyahu den radikale islamistiske maktovertakinga av Syria.
«Dette er ein historisk dag i Midtaustens historie,» sa han i ei videofråsegn. «Assad-regimet er eit sentralt ledd i Irans vondskapsakse: dette regimet har falle.»
«Dette er eit direkte resultat av slaga me har påført Iran og Hizbollah, dei viktigaste støttespelarane til Assad-regimet,» heldt han fram, og hevda at Israels angrep på Iran og militærkampanje mot Hizbollah i Libanon hindra deira evne til å forsterka Assads troppar mot terrorframstøyten.»
«Dette har skapt ein kjedereaksjon i heile Midtausten for alle dei som ønskjer å verta fri frå dette undertrykkjande og tyranniske regimet,» la han til.
HTS-styrkar starta ein overraskingsoffensiv mot den syriske hæren i dei nordlege Idlib- og Aleppo-provinsane seint førre månad, og tok raskt beslag i ei rekkje viktige byar langs vegen sørover til Damaskus. Frå første stund heldt Assads regjering fast på at rekkjene til jihadistane fekk selskap av mange framandkrigarar, medan det russiske utanriksdepartementet hevda at terroristane hadde fått opplæring frå ukrainsk militæretterretning.
Sjølv om det er uklart om al-Jolani koordinerte med USA og Israel før angrepet, beskreiv USAs tidlegare spesialrepresentant for Syria-engasjement James Jeffrey HTS i 2021 som «ein ressurs» for Washington, medan Jolani sjølv har insistert på at kampen hans ikkje er med Vesten, men med Assad og Iran.
«Me elskar Israel og me var aldri deira fiendar,» sa ein jihadist-krigar frå Idlib til Israels Kan-kringkastar førre veke. «[Israel] er ikkje fiendtleg mot dei som ikkje er fiendtlege mot dei. Me hatar dykk ikkje, me elskar dykk veldig mykje,» la militanten til.
Israel har utnytta Assads fall ved å flytta troppar inn i ein region på Golanhøgdene som hadde fungert som ei buffersone mellom dei to landa sidan Separation of Forces-avtalen i 1974 vart underteikna i kjølvatnet av Jom Kippur-krigen. I talen sin søndag sa Netanyahu at han handla «først og fremst for å verna grensa vår», og at avtalen i praksis «kollapsa» då syriske troppar «forlét sine posisjonar».
Omsett av K.O. for Saksyndig.
