Cassie B. i Natural News rapporterer:
Demografien i den tyske byen Hamburg har gått gjennom ei dramatisk forvandling dei siste åra der tyskarar raskt er i ferd med å bli ein minoritet i sitt eige land.
Ifølgje data frå det statlege kontoret for statistikk, har meir enn 40% av innbyggjarane i Hamburg ein bakgrunn knytt til migrasjon, som utgjer nesten 800 000 menneske. Blant dei er 20,7% utlendingar som ikkje har tysk statsborgarskap. Enkelte område i byen er meir påverka enn andre, der Billbrook-distriktet har ein prosentdel av utlendingar på oppsiktsvekkjande 80,5% og 88,1% av dei som bur der har migrasjonsbakgrunn. Dette tydar at etniske tyskarar er eit sjeldan syn i våre dagar.
Statistikken for unge er endå meir dramatisk, der 98,2% av dei under 18 i Billbrook har migrasjonsbakgrunn; talet for heile Hamburg er bekymringsverdige 57%. I mellomtida er halvparten av elevmassen på Hamburg-skular utlendingar, der kultur- og språkskilnader fører til store problem og skaper potensielt farlege miljø, for ikkje å nemne at dei påverkar elevane sine akademiske prestasjonar.
Ifølgje Alternative für Deustchland sin partileiar i Hamburg-parlamentet, Dirk Nockerman, har ei diger tilstrøyming av immigrantar til byen forårsaka alvorlege problem, inkludert «eksplosjonsarta sosialvelferds-pengebruk og aukande førekomst av valdskriminalitet».
«Tala lyg ikkje: Tyskarar er i ferd med å bli i mindretal i sitt eige land, og i enkelte delar er tyskarane den nye minoriteten. Dette er ikkje ein vill konspirasjonsteori, men rein statistikk,» åtvara han.
Når det gjeld resten av Tyskland, hadde 26% av innbyggjarane migrasjonsbakgrunn i fjor, medan ikkje-tyske utlendingar utgjer 15,2% av innbyggjarane.
Høgare kriminalitetsratar knytt til utlendingar i Tyskland
Uheldigvis viser data at der er betydeleg høgare kriminalitetsratar knytt til desse utlendingane.
Til dømes viste kriminalitetsstatistikk offentleggjort tidlegare i år av Det tyske innanriksministeriet at talet utanlandske mistenkte nådde 923 000 i fjor, og at dette var ein auke på 18% frå året før. Data viste at 41% av alle kriminalitetsmistenkte var utlendingar trass at dei berre representerte 15% av befolkninga på den tida.
Auken i valdskriminalitet var spesielt urovekkjande, der halvparten av alle valdsbrotsverk i Tyskland vart utført av utlendingar. 2023 såg ein auke i valdskriminalitet på 8,6%, der rekordtal av tilfelle involverte alvorleg lekamskrenking. Når det gjeld spesifikke brotsverk, auka ran med 17%, lommetjuveri steig med 11%, nasking i butikkar auka med 23,6%, biltjuveri steig 17%, og innbrot i private heimar steig med nesten 19%.
Trass dette innførde tyske styresmakter ei ny lov i år som gjer det lettare for folk som kjem frå andre land å få tysk statsborgarskap. Etter lova tok til å gjelde i slutten av juni, opplevde Tyskland nesten 6000 nye søknader om statsborgarskap, som er det dobbelte av leverte søknader på same tid i fjor. Mesteparten av søkjarane kjem frå land slik som Syria, Afghanistan, Iran og Tyrkia.
For å setje desse tala i perspektiv, registrerte Hamburg 6268 søknader i heile 2020; der var 13 658 søknader innan midten av september i år. Kontor for migrasjon har tilsett ekstra bemanning for å ta unna tilstrøyminga av søkjarar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
