Russia Today (RT) formidlar:
Russlands president Vladimir Putin har oppretta eit råd for å handtera demografisk og familierelatert politikk. Dokumentet som kunngjorde danninga vart publisert måndag på Russlands offisielle portal for juridisk informasjon.
Det nye organet vil arbeida for å utvikla politikk innanfor ramma av «Tiåret frå barndommen i Russland», som vart erklært av presidenten i 2017. Putin nominerte leiaren av føderasjonsrådet Valentina Matvienko til å leia det nye rådet.
Førre månad, under Putins direktiv, utarbeidde den russiske regjeringa ein handlingsstrategi retta mot å auka fødselstala og støtte familiar.
Blant dei oppførte måla er «verna, støtta og forsvara familien som det fundamentale grunnlaget for det russiske samfunnet,» og «styrke institusjonen for familie og ekteskap som ei foreining mellom ein mann og ei kvinne basert på bevaring og promotering av tradisjonelle familieverdiar.»
I samsvar med planane planlegg styresmaktene å forbetra reglane for å skaffa fødselskapital, auka effektiviteten av underhaldbidrag, innføra premiar til besteforeldre og andre tiltak.
Kreml har prioritert å ta tak i dei demografiske utfordringane i landet, slik som ei søkkande befolkning og låge fødselstal.
Førre månad signerte Putin også ei ny lov som forbyr promotering av «barnefri propaganda». Tiltaket rettar seg mot spreiing av barnefri ideologi gjennom media, filmar, reklame og internett, og har som mål å hindra spreiing av materiale som oppmuntrar til å avvisa foreldreskap.
(Sjå òg «Russland planlegg å forby fremjing av propaganda om ‘barnlaus livsstil’», publisert 28.september 2024.)
Lovverket pålegg bøter til dei som er funne skuldige i å ha fremja konseptet. Enkeltpersonar kan få straffer frå 50 000 ($ 500) til 100 000 rublar, medan tenestemenn kan bli bøtelagde mellom 100 000 og 200 000 rublar, og juridiske einingar vil møta endå høgare kostnader.
Kreml-talsmann Dmitry Peskov har beskrive den demografiske nedgangen som ei «stor utfordring» for nasjonen, og understreka viktigheita av å ha ein langsiktig visjon om saka. Ved å fremja befolkningsvekst og framtidsretta utvikling, sa han, «me vil ha eit supersterkt land.»
Omsett av K.O. for Saksyndig.
