Konservativ presidentkandidat til polakkar: Lat oss vere ærlege, folkens, vi kan ikkje gjere noko med smørprisen!

Liz Heflin på nettstaden Remix News formidlar:

Inflasjon har vore eit heitt tema i Polen i fleire månader no, med smørprisen spesielt i søkjelyset nyleg, og nådde nesten 10 zloty (€2,35) i enkelte butikkar og smør av høgare kvalitet når så mykje som 16 zloty (€3,75). Analytikarar seier at prisen kan gå endå høgare. Lov og rettferd (PiS)-presidentkandidat Karol Nawrocki tok opp temaet under eit møte med støttespelarar i Siedlce.

«Eg vil vera ærleg med deg, eg veit ikkje kor mykje smør vil kosta når eg er president i Republikken Polen,» sa han ifølgje Do Rzeczy [«til poenget»].

Presidenten, understreka han, kan ikkje kontrollera prisane frå toppen. «La oss vera ærlege, presidenten har ingen direkte instrument for å avgjera kor mykje smør, brød, fjørfe kostar,» sa han.

«Om nokon tek ansvar for dette, er det den polske regjeringa, sjølv om me også veit at det finst desse økonomiske mekanismane, den frie marknaden. Men for å vera ærleg veit me at kvar regjering har ein spesifikk innverknad på dette, la Nawrocki til.

Kandidatar har ein tendens til å love meir enn dei kan halde, men Nawrocki tek ein annan takt her, og prøver å komma på nivå med veljarane om kva han realistisk kan gjera som Polens president.

Ifølgje den siste United Surveys-målinga i første runde av presidentvalet, ville 36,9 prosent av dei spurta stemma på kandidaten til Borgarleg koalisjon (KO), Rafał Trzaskowski, eit fall på 3,5 prosentpoeng samanlikna med førre undersøking frå same gruppe i November.

På si side ville Karol Nawrocki få 30,3 prosent, eit hopp på 5,8 poeng, medan andre meiningsmålingar viser at vinsten hans er endå høgare.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget