Uhell på Folk & Røvere

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta – meir eller mindre.

Ein ny periode med sprengkulde har mellombels lamma Bergen og omland. Frosne bilar står overalt og skaper enormt med bryderi for stressa arbeidsmaur, og politiet står på rad og rekkje i vegkanten og bøtelegg og tek førarkortet frå folk som spinn og durar i veg med frontruter dekte av is og snø. På grunn av massiv, intens 5G-stråling frå djupstaten sitt stråletårn ute ved amerikansk-eigde Haakonsvern, har folk fått skrudd av hjernane sine midt oppi førjulskaoset. Som ein liten kuriositet har FHI byrja å køyre annonsar i alle nettaviser om at dei nyaste mRNA-injeksjonane no er tilgjengelege på næraste legekontor og apotek. Og dei er tryggare og meir effektive enn nokosinne!

Klokka er fem på elleve ein heilt vanleg vekedag. Ein skare på åtte menn i søte, nusselege damekjolar kryp på alle fire langs den såpeglatte vegen frå næraste busstopp. So fort dei kjem bort til det privateigde fortauet (der eigarane får bøter om dei ikkje måker, saltar eller strør), rettar dei seg opp og byrjar med den tobeinte gangen som er so karakteristisk for den no stort sett mRNA-modifiserte menneskearten.

Den særs populære utestaden Folk & Røvere lyser som eit fyrtårn der borte, og mennene blir stadig meir euforiske i sine skjeggete, uflidde, vêrbitne ansikt. Den sløve, lurvete hasjauge-blondina låser opp døra til lokala med eit dovent «knepp». Dei åtte kjolekledde fyllemennene skumplar inn i det forholdsvis varme lokalet, der gammal David Bowie dunkar ømt og kjærleg i veggane. På disken borte i hjørnet står ein diger, fargesprakande blomsterbukett med kommunistraude silkeband.

Ein av mennene i følgjet er Arve, eksmannen til den sjukepleiaren som tok livet av over 10 000 pasientar på korttidsavdelinga på ein tidlegare sjukeheim i Ytre Sandviken. For høvet går han kledd i ein raud julekjole med kvit silkekrage, og ei tomatraud kåpe med knappar i imitert gull. Han gnir seg i det skitne, kaotiske skjegget og humrar.

«Det var litt av ein bukett,» seier han med si håse, lett snøvlete stemme til bartenderdama. «Har nokon fridd til deg?»

«Nei, det var ein kjendispolitikar som spydde i vasken på ein av dassane nyleg,» svarer ho medan ho på rein automatikk tappar øl frå eit av dei mange tappetårna. «Han hadde det BA kallar eit ‘uhell’, og kom tilbake med blomster for å be om orsaking.»

«Ja, det er ikkje fyrste gong politikarar viser manglande gangsyn og magemål,» seier Arve, før han flirer ganske so hånleg. «Korleis greidde tosken det kunststykket å spy i vasken? Det er faktisk litt av ein prestasjon å bomme på doskåla på dassar som er på storleik med telefonkioskar!»

«Mellom oss, han var ganske so sveiseblind.» Blondina flirer og himlar med auga. «Men ein kjendispolitikar kan jo ikkje vere dritings på byen. So den offisielle forteljinga, den som er publisert i den kontrollerte byavisa vår, seier at han ikkje var so full.»

«Ja, dei veit å pynte på sanninga.»

Blondina landar ein serie med ølglas på disken og byrjar å slå inn prisar i kasseapparatet. Sidan mennene er kledde kjolar, får dei 50% rabatt. Snart trekkjer dei seg til sine mørke krokar og mørke tankar, men Arve blir sitjande ved bardisken som ein slags vaktar over dette heilage vassholet.

«Kva slags parti var fyren med i? Var det nokon i Noregsdemokratane som hadde ‘uhell’ her?» spør han.

«Hehe, det har eg teieplikt om,» svarer ho med eit ertent smil.

«Teieplikt? Det står jo i avisa kven det er.»

«Vel, då kan du jo beine bort på Rema og kjøpe BA.» Eit småfrekt smil.

«Greitt, eg gjev meg på denne. Ein kranglar ikkje med dama som serverer deg øl til halv pris.»

«Flink gut.» Ho lener seg mot disken og strekkjer på seg, der ho hjelpelaust står på utstilling i eit fengsel ho aldri kan rømme frå.

Ute travar og hastar folk forbi med herja, dregne tryne. Det er midt i verste førjulsstria, men for ein kar som Arve som har brent bukta og begge endane, kunne det like gjerne ha vore midt i heitaste Pride-juni. Når ein drikk dag ut og dag inn er det ingen skilnad på dagar eller tideverv. Og snart vil døden kome, like sikkert som at politikarar drikk seg dritings og spyr på altfor små utestadsdassar.

«Huff, det er jævla kaldt ute for tida,» seier Arve i det blondina tappar han ein øl til. «Denne kåpa er ikkje akkurat det varmaste plagget barneslavar i Asia har laga.»

«Du burde gå med skjerf no når det er so kaldt,» seier blondina og landar ølen på disken. «Og ikkje…» Ho kastar eit blikk på halsen hans. «…perlekjede.» Ho himlar med dei raude auga. «Korleis går det forresten med den drapskjerringa du var gift med i femti år?»

«Ikkje minn meg på det.» Han hyler i seg ein kjeft øl. «Og vi var vel ikkje gift so lenge. Kanskje førti år. Men det kjennest ut som førti hundreår. Eg angra på at eg nokosinne stakk kuken inn i ho. Helvetes kjerring. Ho er hamna på rette staden no, iallfall.»

«Ja, no er ho Mona på stativ,» flirer blondina.

Ein av mennene blir plutseleg synleg uvel der han sit. Han reiser seg opp og skumplar og travar i veg mot dei to dassane ved baren. Blondina kastar eit langt blikk etter han der han ramlar inn på næraste dass med brøl og rabalder. Snart høyrest lyden av kraftig oppkast.

«Faen, kor mykje har han drukke?» utbryt Arve og flirer. «Klokka er knapt halv tolv om dagen. Enkelte eig ikkje gangsyn og magemål.»

Bartenderberta går myndig bort til dassdøra og bankar hardt på.

«Korleis er forma, mister?» spør ho skarpt. Eit fordrukke raut høyrest frå det vesle kottet. «Eg håper for din del at du har spydd i dassen og ikkje i vasken

Meir oppkast og fyllebrøl høyrest, i tillegg til ein kraftig brakfis. Ho himlar med dei sløve, raude auga og ristar på hovudet.

«Lat han berre halde på,» seier Arve. «Alt som går inn, må før eller seinare ut igjen. Det er ei naturlov!»

«Og det seier du, som slepp å tørke opp all den spya!» svarer ho.

Døra går opp med eit smell og den drita fulle kjolemannen ramlar ut og kolliderer i veggen slik at eit digert bilete av David Bowie dett ned. Dassen er dekt frå tak til golv med uhyre illeluktande oppkast – inkludert i den vesle vasken. Dama brekk seg omtrent der ho står.

«Velkomen tilbake ein annan gong, min herre,» seier ho med imponerande sjølvbehersking i det ho dyttar han bestemt gjennom lokalet. Han tumlar ut i gata og trynar i rennesteinen. Ho snur seg mot resten av mannfolka med ei myndig mine i fjeset. «Den neste som spyr, blir utestengt ein månad!»

Brysk og morsk forsvinn ho inn på næraste bøttekott. Like etter dukkar ho opp kledd i plastforkle og gule gummihanskar. Ho ber med seg ei bøtte det dunstar klor av.

Brått blir Arve gripen av ei uhyre sterk kvalmekjensle. Han blir oskegrå i trynet og ser med redde auge bort på dassen, der blondina står på alle fire og skrubbar oppkast. Noko må ut og det fort! Det var truleg den literen med billeg whisky han bælma i seg ved midnatt i går. Han sklir av barstolen, sjagar bortetter golvet og rekk akkurat å stikke fjeset ut døra før gufsen eksploderer ut av kjeften på han med eit ekkelt «glofs». Folk sprett unna med store auge og gapande kjeftar.

«Forbanna fyllesvin!» kaukar ein eller annan dresskledd kødd.

«Hald kjeften på deg,» mumlar Arve tilbake. «Ikkje plag ein ubrukeleg etar.»

Denne eksplosive spya er alt som trengst for å få kva enn som plagar han ut av systemet. Han tørkar seg lynraskt rundt kjeften og kastar eit blikk over den kåpekledde skuldra. Blondina står der med ræva i vêret og vaskar – ho har ikkje sett han. Dei andre mannfolka i lokalet har sett alt, men held feigt og klokeleg kjeft.

Då den lurvete dama kjem sveitt og raudmussa tilbake til disken, sit Arve uskuldig som eit nyfødt barn og hallar lett på det tomme ølglaset. Ho grip eit nytt glas og tappar i veg.

Arve drikk med desperat iver medan han kastar eit blikk på gata utanfor. Han får rynker i panna då han ser at det er ein stor, ertesuppegul flekk midt i gata utanfor døra. Folk skrevar over den etter beste evne med ansikt vrengde i avsky. Får sanneleg håpe det kjem regn i dag, so dette «uhellet» blir vaska vekk for ettertida!

«Jaja, skål, folkens,» seier han og hevar glaset med ei sørgmodig mine i det stygge, skjeggete trynet.

Kommenter innlegget