William Upton på nettstaden The National Pulse melder:
President Joe Biden korta av på dommane til to dømde kinesiske spionar og ein pedofil like for Thanksgiving-ferien i november. Ifølgje Justisdepartementet (DOJ), vart det gjeve benåding til Yanjun Xu, som i 2022 vart dømt til 240 månaders fengsel for spionasje på vegner av Kina; Ji Chaoqun, som i 2023 vart dømt til 96 månaders fengsel for å ha konspirert om å svindle USA og opptre som ein uregistrert utanlandsk agent; og Shanlin Jin, som i 2022 vart dømt til 97 månader for oppbevaring av barnepornografi.
Benådingsordrane for dei tre personane gjev ingen detaljar om kvifor dommane deira vart avkorta, og kvifor dei deretter vart sleppte fri frå fengsel. Derimot har Bidens Kvite hus sagt at mennene vart del av ei fangeutveksling med Folkerepublikken Kina. Som eit vilkår for lauslating må alle tre forlate USA.
To spionar og ein pedo
I 2022 vart Yanjun Xu, ein kinesisk statleg etterretningsoffiser, dømt til 20 års fengsel etter å ha blitt utlevert til USA. Som vise-divisjonsdirektør ved Det kinesiske ministeriet for statleg tryggleik (MSS), prøvde Xu å ulovleg få tak i forretningshemmelegheiter frå den amerikanske flyindustrien ved å bruke falske namn og frontselskap for å lokke industriekspertar til Kina under påskot om at dei skulle halde tale ved eit universitet. Etter at måla kom til Kina, skulle Xu og andre MSS-operative bryter seg inn på hotellromma deira og hacke dei elektroniske apparata deira.
I mellomtida vart Ji Chaoqun dømt til åtte år for å operere som ein uregistrert utanlandsk agent for Folkerepublikken Kina. Ji assisterte spionasjeoperasjonen til Xu og prøvde å rekruttere andre kinesiske statsborgarar i den amerikanske flyindustrien for å spionere for Kina.
Den tredje som vart benåda, Shanlin Jin, er ikkje tilknytt spionasjekomplottet. Det at Jin, som vart arrestert for oppbevaring av barnepornografi, er del av utvekslinga, ser ut til å vere på grunn av påverknadskrafta familien hans har på Det kinesiske kommunistpartiet (CCP).
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
