Finland er eit av dei mest valdelege EU-landa for kvinner

Ivana Bratovanova i Nordic Times formidlar:

Eurostat rangerer Finland som det nest mest valdelege landet for kvinner i EU, etterfølgd av Sverige, Ungarn, Danmark og Luxembourg.

Kutt i midlar til sosial- og helseorganisasjonar gjer det vanskelegare å ta tak i problemet og hjelpa offer.

Kvinner i Finland står overfor nokre av dei høgaste valdsratane i Europa, der meir enn halvparten rapporterer erfaringar med fysisk eller seksuell vald, og overskrid EU-gjennomsnittet på 33%.

Nyare statistikk viser ein auke på 5,3 % i rapportar om vald i heimen frå kvinner i 2023 samanlikna med året før. Talet på hendingar med ektefellevald auka med 107% i same periode, ifølgje det finske sentralbyrået for statistikk.

Kritikk over utgiftskutt

Kristian Wahlbeck, seniorspesialist ved Mieli Mental Health Finland, uttrykkjer bekymring over avgjerda om å redusera midlar til tredjesektor-organisasjonar som kjempar mot vald.

– Antivaldsarbeidet blir først og fremst utført av organisasjonar finansiert av staten. Desse kutta vil føra til ein auke i kostnadene i framtida og problem som går vidare frå ein generasjon til den neste, seier Wahlbeck.

Den finske regjeringa har møtt kritikk for dei planlagde kutta sine til Finansieringssenteret for sosiale velferds- og helseorganisasjonar (STEA), som støttar viktige antivaldsinitiativ.

Mellom 2024 og 2027 vil finansieringa reduserast med meir enn ein tredel, frå €384 millionar til €253 millionar. Talsmannsgrupper reknar med at desse kutta kan føra til at rundt 2500 menneske ikkje får tilgang til kritiske støttetenester.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget