Kevin Hughes i Natural News rapporterer:
I ei banebrytande, men urovekkjande oppdaging, har nyleg forsking avslørt at mottakarar av transplanterte organ kanskje arvar meir enn berre nye organ – dei ervervar kanskje òg minna og personlegdomstrekka til donorane sine.
Fenomenet, som har blitt rapportert i ymse transplantasjonssaker, utfordrar veletablerte synspunkt om menneskeleg identitet og naturen til minne. Dei siste funna, som vart publiserte i Cureus i april, har utløyst intens debatt blant forskarar og medisinske profesjonelle.
Ifølgje studien er dei pasientane som får transplantert hjarte dei som mest sannsynleg vil oppleve desse endringane, men mottakarar av transplanterte nyrer, lunger og til og med ansikt har òg rapportert om endringar i emosjonar, smak og åtferd. […]
«Der dukkar for tida opp evidens som antydar at hjartetransplantasjon kan involvere overføringa av donoren sine personlegdomstrekk og minne til mottakaren, noko som utfordrar konvensjonelle synspunkt om minne og identitet,» skreiv forskarane i 2024-gjennomgangen [av studien]. «I tillegg støttar det nevrale nettverket til hjartet og tovegskommunikasjonen det har med hjernen konseptet hjarte-hjerne-samband når det gjeld minne og personlegdom.»
Ei hjarteskjerande sak involverer ein ni år gammal gut som fekk eit hjarte frå ei tre år gammal jente som drukna. Etter transplantasjonen utvikla guten ei uforklarleg frykt for vatn, trass at han ikkje hadde nokon kunnskap om korleis donoren døydde.
På liknande vis byrja ein college-professor som fekk eit hjarte frå ein politibetjent som vart drepen på jobb å utvikle merkelege sanseopplevingar, slik som å sjå lysglimt og føle intens varme i ansiktet. Slike hendingar, sjølv om dei er høgst uvanlege, har fått ekspertar til å lage hypotesar om eit potensielt «celleminne» i organ.
Studie set søkjelys på sambandet mellom hjartet og hjernen
Studien set søkjelys på det intrikate sambandet mellom hjartet og hjernen, og antydar at det nevrale nettverket i hjartet kanskje mogleggjer overføringa av personlegdomstrekk og minne via eit hjarte-hjerne-samband. Derimot er dei presise mekanismane som ligg bak dette fenomenet framleis uklare.
I eit anna tilfelle utvikla ein helsemedviten dansar og koreograf ei ukontrollert lyst til å ete Kentucky Fried Chicken, ei lyst ho aldri hadde hatt før. Denne endringa i åtferd vart spegla av oppdaginga av ikkje-etne kylling-nuggets i jakka på den unge mannen som hadde vore organdonoren.
Forskinga peiker òg på tilfelle der seksuell orientering og matpreferansar har endra seg. Ein homofil mottakar av eit hjarte frå ein lesbisk artist vart visstnok meir interessert i kvinner etter transplantasjonen, medan ei heterofil kvinne som fekk eit hjarte frå eit anna heterofilt individ byrja å stille spørsmål ved seksualiteten sin.
Medan desse funna er intrigerande, åtvarar ekspertar om at der er behov for meir forsking for å forstå kompleksitetane som er involvert. Enkelte forskarar tilskriv desse åtferdsendringane til den psykologiske påverknaden av større operasjonar og tilhelingsprosessen til kroppen. Andre antydar at immundempande legemiddel, som transplantasjonspasientar må gå på, kan påverke appetitten og endre perspektivet deira på mat og livsstil.
Det vitskaplege samfunnet har framleis delte meiningar om temaet. Enkelte ekspertar meiner sakene er for tilfeldige til å tilskrivast organtransplantasjon, medan andre argumenterer at fenomenet treng vidare etterforsking.
Ein 2022-studie publisert i Transplantology av forskarar ved Universitetet i Colorado intervjua ei lita gruppe av organtransplantasjonsmottakarar, inkludert hjarte-, lever- og nyremottakarar. Studien fann ut at nesten 90% av deltakarane opplevde endringar i personlegdom, temperament, emosjonar og matpreferansar etter operasjonen. Desse endringane var derimot ikkje avgrensa til hjartetransplantasjonar, noko som antydar at dette fenomenet kanskje er meir utbreidd enn ein fyrst trudde.
Medan organtransplantasjonar held fram med å redde tallause liv kvart år, har implikasjonane til desse funna betydelege lovnader for forbetring av pasientomsorg og det å forbetre menneskeheita si forståing av menneskeleg identitet og minne. Vidare interdisiplinær forsking er essensiell for å avdekkje desse kompleksitetane og gje svar på dei mange spørsmåla som dette gåtefulle fenomenet skaper.
Omsett og noko forkorta av redaktøren i Saksyndig.
