Presidenten i Slovakia: Ukraina vil måtte gje vekk land i byte mot fred

Russia Today (RT) formidlar:

Ukraina-konflikten vil ikkje bli løyst før Kiev aksepterer nokre «delvise territoriale tap», har den slovakiske presidenten Peter Pellegrini sagt. Pellegrini og statsminister Robert Fico har begge oppmoda Russland og Ukraina til å inngå omgåande fredssamtalar.

I ein tale til Slovakias STVR-kringkastar på søndag [15.desember 2024], sa Pellegrini at daglege oppdateringar frå frontlinja har overtyda han om at Ukraina ikkje kan håpa på å nå dei territoriale måla sine – retur av Donetsk, Lugansk, Kherson, Zaporozhye og Krim – med makt.

«Når det gjeld fred, trur eg at me må halda fram med å vera realistiske,» sa han til nettverket. «I dag er det sannsynlegvis ingen tilrekneleg person i Europa som trur at det vil vera mogleg å oppnå fred utan nokre delvise territoriale tap for Ukraina.»

Presidenten bad så Ukraina og Russland om å setja seg ved forhandlingsbordet så snart som mogleg.

Pellegrinis kommentarar speglar dei som vart gjort av Fico tidlegare denne veka. Den slovakiske statsministeren sa til det brasilianske nyheitsmediet Folha de São Paulo at det er nødvendig å vera «i det minste litt realistisk» og «innrømma at Russland aldri vil forlata Krim, Donetsk og Lugansk».

Etter å ha tiltredd i fjor, stoppa Fico omgåande militærhjelpa frå Bratislava til Kiev, og svor å nedleggja veto mot Ukrainas potensielle medlemskap i NATO. Han har også skulda «ukrainske nazistar og fascistar» for å starta konflikten ved å «myrda den russiske befolkninga i Donbass», og har fordømt sine andre EU-leiarar for å forlengja kampane med militærhjelp og sanksjonar mot Moskva.

«Kva er resultatet? Russarane vinn stadig meir territorium, sanksjonane fungerer ikkje, og Ukraina er ikkje lenger sterk nok for moglege forhandlingar, sa han til Folha de São Paulo. Fico spådde også at Kiev sannsynlegvis vil bli «forrådd» av dei vestlege støttespelarane sine og kanskje ende opp med å mista ein tredel av territoria sine utan å bli inviterte inn i NATO, og få tryggingsgarantiar berre i form av ein utanlandsk tropps nærvær i landet.

Moskva held fast på at alle oppgjer må byrja med at Ukraina sluttar med militæroperasjonar og erkjenner den «territoriale røyndommen» at dei aldri vil vinna tilbake kontrollen over dei tidlegare regionane sine. I tillegg insisterer Kreml på at måla for deira militære operasjon – som inkluderer ukrainsk nøytralitet, demilitarisering og avnazifisering – vil bli oppnådd.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget