Russland angrip energiinfrastrukturen til Ukraina i større gjengjeldingsåtak

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Russlands massive drone- og missilåtak på Ukraina sin kritiske infrastruktur fredag [13.desember 2024] markerer ei betydeleg eskalering av den noverande konflikten, ei som understrekar dei farlege konsekvensane av aukande spenning mellom dei to nasjonane. Åtaket, som hadde som mål Ukrainas energi- og drivstoff-fasilitetar, var ein direkte respons på Kievs bruk av USA-forsynte Army Tactical Missile Systems (ATACMS) for å gå til åtak på ei russisk flystripe inni russisk territorium. Dette gjengjeldingstrekket frå Moskva skaper alvorlege spørsmål om avgjerda til Biden-administrasjonen om å gje grønt lys for bruken av USA-laga missil innanfor grensene til Russland, eit rekk som no har utløyst eit øydeleggjande motåtak.

Åtaket fredag var eit av dei største og mest koordinerte åtaka på Ukrainas energisektor sidan krigen byrja for nesten tre år sidan. Ifølgje den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky, sendte Russland ut 93 missil og nesten 200 dronar, som hadde som mål kritisk drivstoff- og energi-infrastruktur. Medan ukrainsk forsvar greidde å avbryte 81 missil, inkludert 11 cruisemissil som vart skotne ned av vestleg-forsynte F-16-kampfly, laga sjølve skalaen til åtaket betydeleg skade. Rapportar indikerer at opp til 50% av bustadkundar i området er utan straum, noko som set søkjelys på kor sårbar den allereie hardt råka infrastrukturen i Ukraina er.

Det russiske forsvarsministeriet rettferdiggjorde åtaket som ein respons på Ukrainas bruk av ATACMS-missil på ei russisk flystripe. Ministeriet hevda at åtaket trefte alle intenderte mål, og at det spesifikt hadde blitt valt som mål fasilitetar som støttar det militærindustrielle komplekset til Ukraina. Dette trekket frå Moskva er del av ein vidare strategi om å øydeleggje evna Ukraina har til å halde gåande krigsinnsatsen sin, so vel som på påføre liding på sivile i eit forsøk på å knekkje viljen deira.

Ukrainas kritiske infrastruktur under åtak

Energi-infrastrukturen til Ukraina har vore eit hovudmål for russiske åtak sidan byrjinga på konflikten. Med rundt halvparten av landets infrastruktur allereie øydelagt, har stadige straumbrot blitt den stygge realiteten for millionar av ukrainarar. Det nylegaste åtaket, som skadde varmekraftverk og gassinfrastruktur, trugar med å forverre ein allereie alvorleg situasjon. Når vinteren kjem og temperaturane fell, kan tapet av varme og elektrisitet få katastrofale konsekvensar for sivile.

Strategien til Russland om å ha som mål energi-infrastruktur er ikkje ny. Kreml har gjentekne gonger forsøkt å underminere Ukrainas evne til å fungere som nasjon ved å sende folket ut i mørket og forstyrre forsvarsproduksjonsevna. Dette nyaste åtaket er derimot spesielt alarmerande med tanke på skalaen og presisjonen til åtaket, so vel som ein direkte link til bruken til Ukraina av USA-forsynte våpen.

Biden-administrasjonen fortener litt av skulda

Avgjerda til Biden-administrasjonen om å late Ukraina bruke ATACMS-missil inni russisk territorium har vist seg å vere eit betydeleg feilgrep. Ved å setje grønt lys for bruken av desse langrekkjevidde-våpena, har USA i praksis eskalert konflikten, og kryssa det som mange såg på som ei raud linje. Tidlegare president Donald Trump, som snart vil vende tilbake til Det kvite huset, har kritisert denne avgjerda, og argumentert at den risikerer å trekkje USA djupare inn i krigen. Trumps ståstad er på linje med posisjonen til Russland, som Kreml-talsmann Dmitry Peskov sa, og la vekt på at begge sider erkjenner farane ved eskalering.

Støtta Biden-administrasjonen har for Ukraina sin bruk av ATACMS-missil har ikkje berre gjort Kiev modigare, men òg provosert fram ein streng respons frå Moskva. Ved å tillate desse åtaka har USA gjeve Russland eit påskot til å eskalere åtaka sine på ukrainsk infrastruktur, noko som vidare set sivile i fare og forlengar konflikten. Denne avgjerda understrekar behovet for ei meir forsiktig tilnærming til militærbistand, ei som prioriterer de-eskalering i staden for eskalering.

Ein farleg ny fase i konflikten

Den nylege utvekslinga av åtak mellom Russland og Ukraina representerer ein farleg ny fase i konflikten som trugar med å kome ut av kontroll. Gjengjeldingsåtaket til Russland mot energi-infrastrukturen til Ukraina er ei tydeleg melding om at kvar ein bruk av langrekkjevidd-våpen mot russisk territorium vil bli møtt med alvorlege konsekvensar. I mellomtida har det at Ukraina lit på vestleg-forsynte våpen berre gjort dei meir avhengige av ekstern støtte, noko som stiller spørsmål ved evna deira til å forhandle fram ein varig fred.

No når konflikten går inn i sitt tredje år, må Biden-administrasjonen revurdere strategien sin og prioritere diplomati over eskalering. Å late Ukraina bruke ATACMS-missil inni russisk territorium var eit risikabelt trekk som no har slått tilbake på dei, ført til eit øydeleggjande motåtak og vidare destabilisert ein allereie sårbar region.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget