Belle Carter i Natural News rapporterer:
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky har påstått at nordkoreanske soldatar no aktivt tek del i krigen mot Ukraina, der dei kjempar saman med russiske styrkar i Kursk-regionen.
Påstanden, som Zelensky kom med i ein daglege krigstidstale, er ikkje berre ei dramatisk eskalering av konflikten, men òg eit nytt, urovekkjande kapittel i den brutale kampen om suvereniteten til Ukraina. (Relatert: Pentagon påstår at nordkoreanske soldatar i Russland snart skal entre slagmarka… men det høyrest meir ut som propaganda for å rettferdiggjere eskalering.)
Ytringa til Zeolensky kom som lyn frå klar himmel, og avslørte at nordkoreanske soldatar no blir sendt ut i betydelege tal til frontlinja. Denne vendinga i den noverande krigen markerer eit sterkt skifte frå alt ein har sett til no, og får ein til å stille alvorlege spørsmål om naturen og omfanget til Russland sine militærevner.
Zelensky måla eit dystert bilete av situasjonen på bakken, der han skildra den aktive bruken av nordkoreanske soldatar i kombinerte russiske einingar. Ifølgje ukrainsk etterretning, blir desse styrkane for tida konsentrert i Kursk-regionen, men ein fryktar at dei snart kan bli sendte til andre delar av frontlinja òg. Påstandane til den ukrainske presidenten, om dei viser seg å vere sanne, vil representere ei betydeleg investering frå Moskva i sitt oppdrag å gjenvinne kontrollen over ukrainske territorium.
Avsløringa fell saman med ein periode med høgare aktivitet på slagmarka, der ukrainske styrkar rapporterer ein betydeleg auke i russiske åtak i Kursk-regionen. Det at nordkoreanske soldatar er til stade, og at dei visstnok utgjer meir enn 10 000, legg eit lag med kompleksitet til ein allereie kompleks konflikt.
Talen til Zelensky rørte òg ved den menneskelege kostnaden knytt til denne nye krigsdimensjonen. Sjølv om han ikkje kom med nøyaktige tal, antyda han at nordkoreanske soldatar har lide tap. Dette er ein dyster realitet som understrekar den brutale naturen til konflikten, og dei personlege tapa som dei involverte lid.
Ideen om nordkoreanske soldatar på slagmarka i Ukraina er ikkje berre sjokkerande, men òg djupt bekymringsfullt. I ei verd der so mange har skrike over tap av liv i denne konflikten, burde døden til kvar ein soldat, same kven dei er tru mot, vere ei kjelde til djupaste bekymring. Derimot er det òg vanskeleg å ikkje sjå desse nyheitene gjennom ei linse som er kritisk til begge siders handlingar i å halde gåande ein krig som ikkje viser nokon teikn på å ta slutt i overskodeleg framtid.
Zelensky ber om global respons
I linje med sin sedvanlege sterke ståstad, bad Zelensky om ein global respons på denne nye utviklinga. Han åtvara at det å bruke nordkoreanske soldatar på denne måten, representerer ei eskalering som ikkje kan ignorerast. Orda hans er eit ekko av den veksande kjensla blant dei som har følgt denne konflikten på nært hald: behovet for internasjonal intervensjon og støtte til Ukraina har aldri vore meir presserande.
Appellane til presidenten kjem på eit kritisk tidspunkt, der diskusjonar om eit potensielt sluttresultat i krigen no har teke ei sentral rolle, ikkje minst takka vere den komande tilbakevendinga av den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump til Det kvite huset. Zelensky sine krav om sterkare støtte frå sine allierte er ein påminnar om at Ukraina treng meir enn berre moralsk støtte dersom dei skal halde seg oppreiste mot eit gjenoppståande Russland og, no, involveringa til nordkoreanske soldatar.
Det er viktig å nærme seg påstandane til Zelensky med ein sunn dose skepsis, sidan konflikten ofte har blitt markert av overdrivingar og feilinformasjon. Ideen om at nordkoreanske soldatar døyr i kamp, kor enn sjokkerande det er, skaper spørsmål om motiva bak denne krigen og viljen nasjonar har om å dra andre inn i konfliktane sine. Denne utviklinga burde tene som ein sterk påminnar om den menneskelege kostnaden til krig og farane tilknytt eskalerande konfliktar.
I ein konflikt der linjene allereie er utydelege og risikoen er umogleg høg, legg involveringa av nordkoreanske soldatar til eit nytt lag av kompleksitet. I det kampen herjar vidare og krigen viser ingen teikn på å avta, ser verda på i skrekk og otte, og håper på ei løysing som kan få slutt på denne øydeleggjande konflikten.
Omsett og noko forkorta av redaktøren i Saksyndig.
