Trump seier Biden-administrasjonen lyg om mystiske observasjonar av dronar

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Den valde presidenten Trump har kome med skarp kritikk av Joe Biden, der han seier at administrasjonen  hans «veit kva som skjer» når det gjeld dei mystiske droneobservasjonane over New Jersey, New York og andre delstatar.

Han seier han trur at det amerikanske militæret og Biden veit nøyaktig kva som skjer, og prøver å skape frykt i befolkninga.

Fox News rapporterer: Trump kom med ytringa måndag [16.desember 2024] under ein lengre pressekonferanse med journalistar ved Mar-a-Lago, der han sa at det amerikanske militæret visseleg kjenner til opphavet til dronane.

«Regjeringa veit kva som skjer. Høyr her, militæret vårt veit kor dei letta frå. Dersom det er ein garasje, kan dei gå rett inn dit. Dei veit kor dei kjem frå og kor dei fór,» sa Trump.

«Av ein eller annan grunn ønskjer dei ikkje å kommentere, og eg trur dei ligg betre an om dei seier kva det er. Militæret vårt veit det. Presidenten vår veit det, og av ein eller annan grunn ønskjer dei å halde folk i spenning,» heldt han fram. «Eg kan ikkje førestille meg at det er fienden, fordi dersom det var fienden, ville dei rope det ut til alle.»

Ein journalist spurde deretter Trump om han hadde fått nokon konfidensielle briefingar om dronesituasjonen. Til det svarte han «eg ønskjer ikkje å kommentere det».

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget