Nordic Times formidlar:
I Storbritannia har det dukka opp åtvaringar om at det populære irske ølet Guinness kan gå tom før jul.
Pubeigarar rapporterer at dei implementerer rasjoneringssystem, medan supermarknadshyllene er tomme fordi øldrikkande britar hamstrar i panikk for å unngå mangel.
Knappleiken til den mørke stouten blir knytt til skyhøg etterspurnad som overveldar produksjonskjeda, og etterlèt seg pubeigarar overraska over presset.
– Eg er litt sjokkert fordi det er jul. Eg hadde ikkje forventa at dei skulle gå tomme på denne tida av året, sa London-bareigar Kate Davidson til AFP.
Ei rekkje barar over heile landet er etter seiande allereie tom for øl, noko som får Guinness-eigar Diageo til å byrja å avgrensa talet på fat kvar utsalsstad kan kjøpa.
Kate Davidson forklarer korleis ho prøvde å bestilla åtte fat – det same talet ho vanlegvis bestiller kvar veke. Ho vart likevel fortald at dette ikkje lenger var mogleg og at ho berre fekk kjøpa fire fat – tilsvarande 88 øl.
[Korrigering frå Saksyndig: Nordic Times-artikkelen gjengjev kjeldeartikkelen feil. Eit fat inneheld 88 øl, so fire fat til saman vil då tilsvare 352 Guinness-øl. Jf. kjeldetekst som Nordic Times brukte, her gjengjeve på originalspråket:
Kate Davidson, landlady of the Old Ivy House in Clerkenwell, central London has resorted to issuing ration cards to customers – meaning they can only get a Guinness if they buy two other drinks first.
«It’s been a bit of a talking point,» she says.
She says that she usually gets eight kegs of Guinness a week but was limited to four, leaving her with just one barrel by Friday morning – containing 88 pints. Utheving gjort av Saksyndig.]
– Bryggjeriet stadfesta at Diageo tvinga dei til å rasjonera, forklarer ho.
Trendar på sosiale media
Det betyr at Davidsons bar og mange andre i landet no sjølv må innføra eit rasjoneringssystem, slik at ein kunde som ønskjer å bestilla ein Guinness først må kjøpa to andre drinkar.
Mange britiske mat- og drikkeutsal ser også ein klar auke i etterspurnaden, til det punktet der restriksjonar eller rasjoneringsliknande system er innførte, men det er ikkje heilt klart kva som ligg bak den auka etterspurnaden etter drikken.
Selskapet som eig Guinness seier at det har maksimert ølproduksjonen – men kan framleis ikkje følgja med. Ein teori er at den uventa auken i forbruket, spesielt blant kvinner og unge, kjem av ein trend i sosiale medium med å filma eller fotografera seg sjølve og ta ein så stor slurk som mogleg.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
