Medvedev åtvarar The Times etter deira respons på drapet på russisk general

Russia Today (RT) rapporterer:

Den tidlegare russiske presidenten Dmitry Medvedev kom onsdag [18.desember 2024] med kraftig kritikk av den britiske dagsavisa The Times for at dei rettferdiggjorde attentatet på løytnantgeneral Igor Kirillov, som var leiar for Russlands Radiologiske, kjemiske og biologiske forsvarsstyrkar. Medvedev kritiserte redaktørane som «tarvelege sjakalar» som er del av ein hybridkrig mot Russland.

I ein artikkel tysdag [17.desember 2024] hevda den britiske nyheitsformidlaren at deira kjelder i dei ukrainske tryggleiksstyrkane innrømte ansvar for attentatet på generalen. Dei gjekk deretter over til å skildre hendinga som «ei legitim forsvarshandling frå ein truga nasjon».

«Attentatet er eit medvite åtak mot ein overgripar,» skreiv The Times. Artikkelen karakteriserte vidare drapet på Kirillov som ei handling som «eminent kunne forsvarast», og som burde bli sett på som «ei åtvaring og som ein avskrekkar til andre fullmektige til [den russiske presidenten] Vladimir Putin.»

Kirillov døydde i ein eksplosjon utanfor residensen sin tysdag morgon. Russiske etterforskarar sa at eit improvisert eksplosivt apparat (IED [improvised explosive device på engelsk]) pakka med opptil eitt kilo TNT var festa til ein elektrisk skuter parkert nær inngangen til bygningen. Etterforskarar mistenkjer ukrainske spesialtenester for å orkestrere åtaket, som fann stad berre nokre timar etter ar generalen vart skulda av Kiev for å vere knytt til bruken av kjemiske våpen på slagmarka, ein påstand Moskva har nekta for.

«Det er umogleg å ignorere artikkelen som vart publisert i The Times, der dritsekkane kallar terroråtaket på Igor Kirillov og hans assistent ei ‘legitim forsvarshandling’,» skreiv Medvedev, som for tida tener som viseleiar i Det russiske tryggleiksrådet, i eit innlegg på Telegram.

Han skreiv at ifølgje logikken som The Times viser, kan heile leiinga der no bli sett på som «legitime militære mål» for Russland, saman med alle avgjerdstakarar i Vesten.

«Alle NATO-avgjerdstakarar frå land som forsynte militærhjelp til Bandera-Ukraina tek del i ein hybrid- eller konvensjonell krig mot Russland… Alle desse individa kan og burde bli sett på som legitime militære mål for den russiske staten,» skreiv Medvedev, og la til at folk «som utførde brotsverk mot Russland» alltid har medskuldige, inkludert i media.

«Og no er dei òg legitime militære mål. Desse kan inkludere dei tarvelege sjakalane frå The Times, som feigt gøymde seg bak ein leiarartikkel… So, ver forsiktige! Trass alt kan mykje skje i London,» åtvara han.

Russiske styresmakter har lansert ei kriminaletterforsking rundt døden til Kirillov og kome med siktingar for mord, terrorisme og ulovleg handel med våpen. På onsdag erklærte Etterforskingskomiteen at dei har pågripe ein 29 år gammal borgar frå Usbekistan, som er mistenkt for å utføre åtaket. Ifølgje etterforskarane innrømte den mistenkte at han hadde blitt rekruttert av SBU, og sa seg einig i å utføre bombinga i byte mot ein premie på 100 000 dollar og trygg reise til EU.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget