Russia Today (RT) rapporterer:
Den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky brukte obskønt språk for å fornærme den russiske presidenten Vladimir Putin etter kommentarar sistnemnde kom med om ein potensiell «høgteknologi-duell» mellom det russiske Oreshnik-missilet og vestlege luftforsvarssystem. Zelensky refererte til Putin som eit «naut», noko som igangsette rask kritikk frå Kreml.
Under Putins Direktelinje-maratonarrangement torsdag [19.desember 2024], hevda han at vestleg luftforsvar ikkje ville ha ein sjanse mot Oreshnik og kom med ein ekteverdstest: «Lat dei velje seg ut eit mål i Kiev, konsentrere alle deira luftforsvarssystem der, og vi vil slå til med ‘Oreshnik’ for å sjå kva som skjer. Vi er klare for eit slikt eksperiment. Er den andre sida klar?»
Han diskuterte vidare ideen under eit intervju med journalist Pavel Zarubin i Moskva. Kreml. Putin-programmet på kanalen Russia 1. Presidenten sa at Russland er klare for slik ein duell «akkurat no, til og med i dag», og antyda å setje i gang eit slikt åtak med bruk av Oreshnik for å utfordre vestleg-forsynte luftforsvar, spesielt dei som er stasjonerte i Kiev.
«Det kan bli gjort andre stader,» sa Putin, og la vekt på at Kiev vart valt som eit døme fordi dei allereie har «eit seriøst luftforsvarssystem organisert av vestlege land». Han la vidare til: «Lat dei slå alt på, inkludert missilforsvarssystem og anti-missil-avbrytarar som er sendt i aktiv teneste i Romania og Polen.»
Zelensky reagerte med synleg sinne: «Folk døyr, og han meiner det er ‘interessant’… naut,» sa den ukrainske leiaren.
Kreml svarte lynkjapt på kommentarane til Zelensky. Presidenttalsmann Dmitry Peskov skulda Zelensky for å mangle evna til å vise ro under press. «Det verkar å vere resultatet av emosjonell overbelastning, ei manglande evne til å ta seg saman, og dermed får ein slik uhøflegheit. Nervane hans sviktar han,» sa Peskov til Zarubin.
Peskov kritiserte òg Zelensky for å «fornærme» den ungarske statsministeren Viktor Orbán, som har prøvd å vere meklar i konflikten. Zelensky avfeia tidlegare Orbán si rolle, og sa at Kiev ikkje treng slike mellommenn.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
