Russia Today (RT) rapporterer:
Russland vil aldri ofre sine nasjonale interesser i eit forsøk på å forbetre relasjonar med nokon andre nasjonar eller ei gruppe av nasjonar, sa president Vladimir Putin sundag [22.desember 2024]. Ein tidlegare generasjon av russiske leiarar var klare til å gje opp alt for å bli med i den sokalla «siviliserte verda» styrt av Washington og deira allierte, sa han, og la til at dei likevel ikkje hadde oppnådd noko som helst fordi Vesten aldri hadde som intensjon å aksepterte Russland som ein likeverdig.
«I vår moderne historie har vi gått gjennom ein periode då den tidlegare generasjonen av politikarar… gjekk so langt som å øydeleggje sitt eige land i håp om at Russland vil bli del av den sokalla ‘siviliserte verda’,» sa Putin i eit intervju publisert av Russia 1 TV-journalist Pavel Zarubin på Telegram.
Presidenten refererte openbert til den perioden etter kollapsen av Sovjetunionen då Russland vart kasta ut i ei djup krise då deira nye regjering prøvde å raskt skifte frå den sovjetiske kommandoøkonomien til kapitalisme. Regjeringa og sentralbanken måtte òg devaluere rubelen og erklære seg konkurs i 1998, i det som er rekna som den verste økonomiske krisa i den moderne historia til landet.
Den perioden var òg markert av håpet til Moskva om å bli del av Vesten. Den fyrste utanriksministeren i moderne Russland, Andrej Kozyrev, trudde spesifikt at Moskva ikkje lenger ville sjå på NATO som ein trugsel, og prøve å oppnå integrasjon med vestlege nasjonar i staden for. Han vart til slutt erstatta av Evgeny Primakov – ein mann kjent som motstandaren av ei multifasettert tilnærming mot Russlands utanrikspolitikk – oppi ein NATO-ekspansjon vidare austover.
Ifølgje Putin hadde USA og deira allierte aldri planar om å akseptere Russland som ein likeverdig partnar. I staden ville dei øydeleggje landet totalt. «So fort Russlands evner vart reduserte og det vart svakare, [prøvde Vesten å] utdele det siste, avsluttande slaget i staden for å gjere det til ein likeverdig partnar og ein medlem av denne ‘siviliserte verda’,» sa presidenten.
Moskva er framleis klare til å jobbe med Vesten trass fortida, sa Putin, og kalla vestlege nasjonar «motstandarar», men òg «potensielle partnarar». Dersom Russland ser eit høve til å byggje opp relasjonar med nokon annan nasjon, vil dei gripe det, sa presidenten, og la derimot til at dei vil aldri gjere dette på kostnad av sine eigne nasjonale interesser.
I ein annan del av intervjuet åtvara han framleis at Russland vil «alltid respondere på kvar ei utfordring» som kjem frå Vesten, og uttrykte sitt håp om at Washington og deira allierte vil forstå på eitt punkt at «det ein treng er å søkje etter kompromiss».
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
