Russia Today (RT) rapporterer:
Den valde amerikanske presidenten Donald Trump har uttrykt at han er bestemt på å løyse konflikten med Ukraina.
Han sa at han ventar på samtalar med den russiske presidenten Vladimir Putin, som òg har vist interesse i å møtast «so snart som mogleg», ifølgje Trump.
Trump lovde sundag [22.desember 2024] under ein tale ved Turning Point AmericaFest-arrangementet, at avgjerande leiarhandling skulle byrje på hans fyrste dag tilbake i Det ovale kontor, der han skulle prioritere både innanlandske problem og globale tryggleiksutfordringar.
«President Putin sa at han ønskjer å møte meg so snart som mogleg. So vi må vente på dette, men vi må få slutt på den krigen,» sa Trump til dei frammøtte.
Den valde presidenten skildra den noverande konflikten som ein «skrekkeleg» og hittil usett humanitær katastrofe, og la til at den har resultert i døden til «millionar av soldatar».
Moskva har estimert at hæren til Ukraina miste over ein halv million tenestemenn i 2024 åleine, noko som bringer totale tap til meir enn ein million sidan eskaleringa av konflikten i 2022, ifølgje den russiske forsvarsministeren Andrej Belousov. Kiev hevdar at russiske tap oversteig 750 000, der begge sider skuldar kvarandre for å skjule sanne tapstal.
Trump argumenterte nok ein gong at konflikten i Ukraina, so vel som Hamas sitt 7.oktober-åtak på Israel, kunne ha blitt hindra under hans presidentskap. «Krigen ville aldri ha skjedd om eg var president,» sa han, og la til at det globale tryggleikslandskapet òg ville ha vore vesentleg annleis.
Trump har gjentekne gonger forsikra at han kunne ha løyst konflikten i Ukraina «innan 24 timar» etter at han inntok embetet, ved å implementere ein strategi han kallar «fred gjennom styrke». Derimot har han ikkje kome med spesifikke detaljar rundt korleis han har tenkt å oppnå dette.
Putin har tidlegare kommentert at Trumps kommentarar om å gjere slutt på konflikten «fortener merksemd», og har vist ein velvilje til å ta del i samtalar med den valde presidenten.
«Om der skulle kome ei moglegheit for eit møte med den nyleg valde president Donald Trump, har eg tru på at der vil bli meir enn nok å diskutere,» sa Putin torsdag [19.desember 2024], og sa at han ikkje veit når eit slikt møte kan finne stad. «Eg har ikkje snakka med han på meir enn fire år. Naturlegvis er eg klar til å snakke når som helst; eg vil vere klar til å møte han om han ønskjer det.»
Under sin slutten på året-pressekonferanse torsdag, bekrefta Putin igjen at Moskva er open for å forhandle med Kiev utan nokon før-eksisterande vilkår, bortsett frå dei som dei vart einige om i Istanbul i 2022. Desse avtalane inkluderer ein nøytral, ikkje-alliert status for Ukraina og visse restriksjonar for oppskyting av utanlandske våpen.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
