Danmark aukar midlar til militærforsvaret på Grønland med fleire milliardar

Russia Today (RT) rapporterer:

Danmark skal bruke meir enn 1,5 milliardar dollar på forsvaret av Grønland, sa forsvarsminister Troels Lund Poulsen på tysdag [24.desember 2024], nokre dagar etter at den valde amerikanske presidenten Donald Trump erklærte at han ønskjer at territoriet skal hamne under amerikansk «eigarskap og kontroll».

I ein samtale med den danske avisa Jyllands-Posten, sa Poulsen at København skal bruke «eit tosifra tal milliardar» kroner, eller minst 1,5 milliardar dollar, på ein tiltakspakke som har som mål å auke tilstadeveringa av dansk militære på Grønland. Pakken inkluderer to patruljebåtar, to langrekkjevidd-dronar, to sledehundteam, og midlar til å oppgradere ein av dei sivile flyplassane i territoriet til å kunne ta imot F-35-kampfly, sa han.

«I mange år har vi ikkje investert nok i Arktis, no planlegg vi ei sterkare tilstadevering,» sa han til avisa.

To dagar tidlegare sa Trump på si sosialplattform Truth Social at «når det gjeld nasjonaltryggleik og fridom i verda, føler USA at eigarskap og kontroll over Grønland er absolutt naudsynleg».

Trump kom med liknande kommentarar under sin fyrste periode i embetet, der han tilbaud å kjøpe Grønland frå Danmark i det han sa kom til å bli «essensielt… ein diger avtale om kjøp av eigedom».

Poulsen sa til Jyllands-Posten at avgjerda om å auke militær-pengebruk på Grønland var planlagt i forkant, og at det var «lagnadens ironi» at det vart formidla like etter kommentarane til Trump.

Grønlands statsminister, Mute Egede, kom med ein særs sint respons på innlegget til Trump. «Grønland er vårt. Vi er ikkje til sals og kjem aldri til å bli det. Vi må ikkje tape vår lange kamp for fridom,» erklærte han, før han la til at han ønskte velkomen auka handel og samarbeid med USA.

Grønland fekk heimstyrestatus frå Danmark i 1979, sjølv om forsvars- og utanrikspolitikken framleis blir bestemt i København. Rundt 80% av øya er dekt av ei tjukk iskappe, og to tredelar av territoriet ligg nord for polarsirkelen. Grønland er heim for ein stor amerikansk romfartsbase, som er den nordlegaste amerikanske militærfasiliteten i verda.

Å få kontroll over Grønland vil dramatisk utvide amerikansk tilgang til Polhavet. For tida er 50% av den arktiske kystlinja russisk territorium, og regionen er særs strategisk og av suveren viktigheit for Moskva.

Trump er ikkje den fyrste amerikanske presidenten som føreslår å kjøpe Grønland. Ideen vart fyrst lufta av Andrew Johnson på 1860-talet. Johnson enda opp med å forhandle fram oppkjøpet av Alaska frå Russland for 7,2 millionar dollar i 1867.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget