Den guddomlege komedien på samfunnshuset

Episoden som skjedde på toalettet på ein viss vidaregåande skule 14.desember 1999 skapte stor spirituell uro i lokalsamfunnet. Det var otte, forvirring og etter kvart eit veksande raseri. Som eit direkte resultat av hendinga, gjekk eg ut av vidaregåande med eit ganske lågt karaktersnitt. Draumen om å studere engelsk på universitetet kunne eg berre gløyme – det vart sokalla «opne studium» i staden for.

Ein av mine tidlegare venner, her kalla «Guden» på grunn av det etter kvart so urealistiske synet han hadde på sine eigne ferdigheiter, hadde blitt saman med bestevenninna til den jenta, ei bestevenninne som seinare skulle bli ein prominent journalist og ein viktig agent for den norske djupstaten sitt velsmurde propagandaapparat. Dei to hadde blitt kjærastar siste året på vidaregåande.

28.desember 2004 vart det skipa til bygdefest på eit av dei lokale samfunnshusa i heimkommunen min. Dette var langt ute i periferien, på tjukkaste bondelandet. Folk høyrde stort sett på country-rock og danseband; andre musikkformer himla dei berre med auga over. Alt som kunne krype og gå møtte opp denne lagnadstunge kvelden.

Eg møtte òg opp. På dette tidspunktet var det over to år sidan eg gjekk ut frå vidaregåande, og hadde i den tida teke eit årsstudium i eit språkfag som ikkje var engelsk. Eg hadde budd ein kort periode i utlandet som utvekslingsstudent, og hadde fullført grunnfag i det faget eg til slutt, mange år etter, tok mastergrad i.

Den tida hadde eg òg budd på ein studentheim, der eg heilt tilfeldig møtte «Sara», ei av dei meir perifere venninnene til jenta. Ho var òg venninne med dama til Guden (bestevenninna til den jenta). Det at Sara vart venner med meg og tilbrakte nesten kvar dag i over eit år saman med meg, hadde fått resten av vennegjengen til å mumle seg i mellom. Til slutt flytta Sara ut av studentheimen og avbraut all kontakt med meg, sannsynlegvis etter press frå vennene.

Guden og gudinna var der saman med nesten alle vennene sine frå vidaregåande, bortsett frå den jenta – ingen visste heilt kor ho var, eller dei ville ikkje seie det. Då dei såg meg, vart dei alle svarte i auga, og fekk grimasar av avsky i dei alkohol-raudmussa ansikta. Sara var der òg, men ho våga ikkje å snakke med meg – ho våga ikkje eingong å helse på meg, den sosiale kontrollen forbaud ho det.

Eg skal innrømme at eg ikkje akkurat var edru den kvelden. Det var derimot ingen andre heller. Ein annan venn av den jenta, her kalla Betjenten, var uvanleg aggressiv mot meg. Han skulda meg for å lyge, manipulere og fortelje usanne historier til mine tidlegare klassekameratar. Eg skulle ifølgje han ha fortalt ei av dei at eg var far til ei lita dotter. Kor han hadde det frå, var uklart. Var det i so fall Sara som var mora, spurde eg ein tanke småfrekt. Resultatet vart at han fauk i strupen på meg, og fleire ordensvakter måtte skilje oss.

Like etter kom Guden til meg, sint som berre helvete. Eg hadde kome med støytande kommentarar om dama hans til ein av kompisane mine, og sagt at dama måtte ha ein pose over hovudet kvar gong ho og Guden hadde sex. Han skreik i fistel at ein jævel som meg aldri hadde hatt sex, og aldri kom til å få det. So greip han tak i plastglaset mitt med øl og klemde det i stykke slik at eg fekk øl over heile meg. Heile vennegjengen frå vidaregåande stod og såg på. Dama til Guden hadde eit underleg halvsmil i det ikkje akkurat biletvakre ansiktet, det såg nærast ut som ho naut situasjonen.

Etter at eg kom heim den kvelden, fekk eg ei rekkje tekstmeldingar frå Guden. Han skreiv at eg aldri kunne vinne, og at eg var «død» for han og resten av vennene. Ordlyden indikerte at dersom eg ein vakker dag valde sjølvmord, ville kanskje det vere det beste. Eg skreiv tilbake og bad han dra til helvete, der han tydelegvis kom frå. Maken til sprøyt!

Det skal her seiast at Guden på det tidspunktet var med i det lokale kommunestyret. Etter at eg tilfeldigvis hadde ein prat med ein annan kommunestyremedlem ei tid etter, var Guden plutseleg ikkje med der lenger. Når ein er med i eit kommunestyre, er det faktisk visse grenser for kva ein kan seie og gjere i fylla på offentleg stad.

Guden og dama hans flytta til Oslo-området, der dei etter kvart gifta seg og fekk barn. Sara flytta tilbake til heimbygda og vart etter kvart òg gift og fekk barn. Vi har ingen kontakt i dag.

Eg har hatt mange år på å nøste opp i det eg kallar «Den guddomlege komedien». Eg hadde faktisk kome med kommentaren om pose over hovudet under sex, men det skjedde fleire månader tidlegare, og var ein kort slengkommentar til ein kompis. Denne kompisen hadde so gått til Guden og vidareformidla med største iver det eg hadde lira av meg. Der var eg nok skuldig i å snakke drit om dama til ein ung, ambisiøs mann.

Denne same kompisen braut eg seinare all kontakt med då det viste seg at han var seksuelt interessert i mindreårige gutar. Han jobba ei tid på på ferje, men vart avskjediga etter at han saboterte toaletta på ferja i protest mot at dei skulle skifte arbeidsgjevar. Den same fyren som hadde egga Guden til å fyke i strupen på sin tidlegare venn, skjenkte gutar og valdtok dei. Det seier vel litt om kva slags element eg har hatt i livet mitt, og kor naudsynleg det var å ta ei streng revurdering av kven eg valde å ha samkvem med.

Kommenter innlegget