Mordskuldingar i mai

Nokre månader etter den absurde fyllekrangelen på samfunnshuset, skulle det skipast til ein ny bygdefest, denne gongen på eit hotell/restaurant i nabobygda. Som vanleg kom alt som kunne krype og gå til lokalet, som låg i hjartet av bygda. Under sterk tvil møtte eg sjølv opp der, saman med foreldra mine og ein av naboane deira, «Håkon». Det måtte ha vore 300 menneske der, og stemninga var særs munter og animert, slik den gjerne blir når bygdefolk samlast og drikk altfor mykje medan dei høyrer på country-rock og rippar opp i gamle sår.

Med skyssbåt frå andre sida av fjorden kom Betjenten og hans vennegjeng. Då hadde eg ikkje sett han sidan Den guddomlege komedien, der han hadde kome med underlege kommentarar om ting eg skal ha sagt. Eg hugsar at Guden og dama hans ikkje var til stade, og det var heller ikkje Sara eller nokon av dei andre medlemmene i denne vennegjengen.

Eg og Betjenten hadde ikkje vore særleg gode venner på vidaregåande. Han kjende godt den jenta eg var saman med som nesten vart drepen i ei gjengvaldtekt på ein bygdefest på andre sida av fjorden. Han kjende òg godt den jenta som saug meg på toalettet, og som sidan ikkje ville vedkjenne seg at ho hadde gjort det.

Vi sat og snakka saman ute medan vi drakk øl og røykte. Eg spurde han temmeleg uskuldig om han visste kva den jenta dreiv med no. Eg tykte at eg hadde sett ho i bygatene, eller i det minste nokon som var slåande lik ho.

Då vart Betjenten svart i dei vakre auga.

«Kva ***** driv med, skal du berre drite i,» snerra han. «Eg veit kva du driv med i byen. Ho seier til meg at ho spionerer på ho. Ho såg deg i gata ein kveld ho hadde kledd av seg og berre stod i undertøy og BH på soverommet.»

«Jaso?» spurde eg, temmeleg brisen. «Den informasjonen er ukjent for meg. Og ho bur altso i Bergen?»

«Det veit du godt at ho gjer. Kåte, perverse jævel. Er du so dødsforelska i ho at du må stalke ho i fleire år?» Han var so sint at han nesten froda. «Du har bombardert ho med kjærleiksbrev og e-postar i ei årrekkje. Ho må gå med valdsalarm på grunn av deg.»

So reiste han seg og sjaga inn i lokalet.

Som sagt var det heilt ukjent for meg at eg skulle ha «spionert på» og «stalka» ei jente eg ikkje ante kor budde. For å forfølgje nokon må ein jo for det fyrste vete kva slags by dei bur i, i det minste kva slags kommune. Eg ante på den tida ikkje eingong kva slags landsdel ho budde i. Og kjærleiksbrev og e-postar? Dei kunne ikkje eg hugse å ha sendt. Og om det hadde vore tilfelle, kvifor hadde det ikkje blitt oppretta politisak? Eg reiste meg – med visse vanskar – og gjekk inn i det smekkfulle lokalet. Hadde han sagt A, måtte han liksom òg seie B.

Betjenten stod i baren og hadde akkurat fått ein kald halvliter. Eg pikka han lett på skuldra for å få merksemda hans.

Då snudde han seg rundt og gav meg ein midt på trynet med flat neve. Det kom eit gisp frå både bartenderdamene og fleire kvinner som stod ved baren. Betjenten treiv med seg halvliteren og brøyta seg veg gjennom folkemengdene.

«Du hendelse, kor sint han er!» sa eg til ei mengd som i grunnen ikkje kunne ha brydd seg mindre. So fekk eg meg ein halvliter og følgde etter han ut.

Han sat med fleire kompisar og damer ved ein benk som låg ved sida av den store plenen der det stod ei flaggstong.

«Lat meg vere i fred, eg har aldri lika deg,» sa Betjenten då eg stod der framfor han. «Stikk! Bli vekke!»

«Eg har aldri spionert på *****,» sa eg indignert. «Ikkje sprei sånne usanne historier om meg.»

«Det er du som spreier usanne historier!» glefste den eine dama, som eg seinare hugsa var systera til ***** sin eks-kjærast, og ei av hennar bestevenninner. «Du er sjuk i hovudet! ***** gjekk til rektor og politiet!»

«Det er ikkje forbode å suge nokon!» snøvla eg. Alle rundt bordet vart svarte i auga.

Betjenten gjorde eit kort nikk til kompisane sine. So reiste han seg opp og vinka meg med seg ut på plenen.

«Du bør helst halde kjeft,» sa han stille. «Eigentleg burde eg ikkje bry meg om kva ein psykisk sjuk fyr står der og lirer av seg fylla. Men no kryssar du ei farleg linje.»

«Psykisk sjuk? To psykologar ved sentralsjukehuset er av ei anna oppfatning.»

«Du lyg til meg. Du lyg til alle. Du er absolutt ingenting. Du er ein tapar.»

«Og kva lyg eg om?»

«Du kjem til å drepe nokon ein dag,» sa plutseleg Betjenten. «Eg ser det på auga dine.»

Kva som då skjedde, aner eg ikkje, for plutseleg låg eg på plenen. «Håkon,» naboen til foreldra mine, stod over meg med eit bekymra uttrykk i ansiktet. Han hjelpte meg på beina.

«Kva skjedde?» spurde eg.

«Han slo deg ned,» svarte Håkon. «Eg såg alt.»

Vi gjekk bort igjen til folkemengda. Eg oppdaga då at ølen min på mystisk vis hadde forsvunne. Betjenten sat flirande ved same benken. Fliret hans forsvann derimot då Håkon pikka han lett på skuldra. Eg sjølv grafsa til meg eit ølglas som eg rekna med var mitt – Betjenten hadde ikkje berre slått meg ned, han hadde til og med stole ølen min.

«Kvifor slo du han ned?» spurde Håkon strengt.

«Ikkje snakk til meg!!» brølte plutseleg Betjenten so alle i nærleiken snudde seg.

«Hei, dette er faktisk min øl!» ropte ein av kompisane.

«Ikkje no lenger,» sa eg og drakk ivrig.

Igjen var det uklart kva som skjedde vidare. Til slutt måtte ordensvaktene kome og kaste ut Betjenten og fleire av kompisane. Dette hende i mai 2005. Om sommaren året etter tok eg ein telefon til han der eg kravde ei forklaring på påstandane han kom med. Han beklaga og la all skulda på at han var altfor full. Kva han hadde sagt ville han ikkje på nokon måte vedkjenne seg. Det var siste gong eg hadde noko som helst kontakt med han.  

Sist eg høyrde gjete han, jobba og budde han i Austlandsområdet. Han jobbar som betjent i fengsel, derav kallenamnet Betjenten. Og dei som kjenner han sa at han var temmeleg farleg å drikke med, for han kunne plutseleg klikke når den gode rusen slo over i ein vond. Då er det vel ganske so oppsiktsvekkjande at han jobbar med mannlege innsette i fengsel, menn som ofte har gjort langt verre ting enn å slå ned nokon i fylla. Faktisk hadde ein av dei spora opp adressa hans, for so å reise heim til han og ta ein prat med han – medan både kone og ungar var der. Betjenten vart so oppskaka av denne «praten» at han likegodt brukte si journalist-barndomsvenninne til å få laga ein artikkel om seg sjølv og livet som betjent.

Betjenten meinte sjølv at han hadde eit eventyrleg drag på damene, og hadde etter eiga utsegn vore bortpå dei fleste på sørsida av fjorden. Han såg nærast ut til å ha gjeve seg monopol på kjønnet deira. Ifølgje min tvilsame, tidlegare kompis, skulle Betjenten ha blitt særs oppskaka og indignert då han fann ut at eg byrja å ta sykkelturar på sørsida av fjorden. Ei viss jente budde nemleg på den sida av fjorden, og då kan det ha vore hans logikk at eg dermed dreiv og «stalka» ho.

I 2005 vart eg skulda for å vere ein mordar in spe. Året etter byrja eg i helsesektoren, der eg jobba i 17 år. Ti av desse åra jobba eg som helsefagarbeidar – og eg myrda faktisk ikkje eit einaste menneske. Spørsmålet ein kan stille seg i etterkant, er om det Betjenten lira av seg berre var fyllevrøvl og/eller indikasjonar på karakteravvik, eller om det låg noko meir bak. Det vil vi kanskje aldri finne ut.

Kommenter innlegget