Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
No skal eg fortelje ei historie frå det fyrste – og heldigvis einaste – semesteret den jævla kødden Åge var student ved Universitetet i Bergen, og kva fantestrekar han fann på der.
Takka vere det faktum at det er svært lett å bli student i dagens Noreg, greidde sjølv vår tvilsame venn Åge å bli det. Til alles lamslegne overrasking, inkludert hans eiga, vart han oppteken ved universitetet i Bergen og immatrikulert der våren 2006. Sidan karakterane hans frå vidaregåande ikkje akkurat var til å skryte av, hadde han berre tilgang til dei sokalla opne studia, dei som ikkje kravde ein viss snittkarakter frå vidaregåande. Sidan han alltid hadde rekna seg sjølv som språkmektig og rimeleg stødig i alt som hadde med skriving å gjere, valde han studiet nordisk grunnfag, som var eit ope studium, i tillegg til dei obligatoriske introduksjonsfaga Exphil og Exfac.
Klokka ti måndags morgon kom den svære mannen luntande opp trappene til Johanneskirken og Nygårdshøyden, berande på ein stygg, spygrøn skulesekk som var truleg ti år gammal. Han plystra muntert i det han gjekk over den gruslagte plassen ved den digre, raude kyrkja, og såg med flirande blikk på alle dei smellvakre studinene – og med eit tydeleg overberande og nedlatande blikk på dei vitskremde, pinglete, mannlege studentane.
Der eksisterte to antipodar i studieverda, der den eine fekk alt opp i nevane og der den andre fekk ingenting anna enn djup, augehimlande låtteleggjering og botnlaus likesæle: Den kvinnlege studenten dansa gjennom studielivet i ei frodande elv av relasjonsbygging og piruetterte elegant bortetter frodige jordbæråkrar av moglegheiter, pengar og absurde mengder sex. Den mannlege studenten levde eit kummerleg tilvære i knøttsmå, svindyre hyblar i sin golde, kastelause ørkentilværelse som utstøytt anathema. Studina enda opp i ein fornærmande overbetalt jobb medan omverda tilbad ho i siklande beundring. Studenten var heldig om han i det heile teke kom seg gjennom studietida utan mangelsjukdommar eller livslange traumar; relevant jobb var som regel berre å gløyme.
Åge, trass at han var mannleg student, såg ikkje tungt på det. Han rekna seg sjølv som smartare og meir livserfaren enn dei fleste mannlege studentane rundt han – han hadde faktisk vore i lønt arbeid! Han humra svært so nedlatande då han entra den kuppelforma inngangen på Sydneshaugen skole, og spankulerte verdsvant inn i den vesle, koselege kantina. Etter å ha kjøpt seg ein kopp kaffi og ein kanelbolle, installerte han seg bak ein ledig pult inne i næraste lesesal. Han tok ein lårtjukk bunke bøker ut av den stygge, spygrøne skulesekken og landa dei med eit dumpt smell på den utgamle pulten. No skulle det studerast!
Ti minutt seinare trong Åge sårt ein pause. Det var ikkje akkurat lett lektyre han sat der og strevde seg gjennom. Forfattaren burde slengje inn eit og anna punktum i den tjukke, informasjonstunge veggen av skamlaus ordonani. Snakka ein om onani, so var det nok alt dei få mannlege studentane i rommet fekk av seksuelle opplevingar. Dei kvinnelege, derimot … Han sleppte frå seg ei svært so nedlatande humring, før han med kaffikoppen i sin digre manneneve forlét lesesalen med tunge steg. Magen rumla stygt då han kom ut i den råkalde gangen, og då han kom til den store trappa og den nyss installerte rullestolheisen, kjende han til si store forbausing at han måtte drite, og det fort! Med eit tilsynelatande evigvarande stønn som steig i styrke og intensitet tok han trappa opp til toaletta i andre etasje i to svære byks – han kolliderte nesten med ein vitskremd, pinglete, mannleg medstudent med søte, nusselege homobriller.
Den svære mannen heiv seg ned på eit av toaletta brøkdelen av eit sekund før skitgufsen eksploderte ut rævholet på han. Han sat der og dreit og stønna vel og lenge. Det isblå blikket hans fall på den svære posteren som hang på døra i den vesle båsen. Det var ein poster med bilete av Lenin og Stalin i heftig tungetango. Åge sleppte frå seg forpint humring. Det var eit velkjent faktum at dei fleste studentane på HF-fakultetet hadde ei politisk orientering som var raudare enn blod; faktisk vart Nygårdshøyden kalla Leninhøyden av studentane ved høgskulen og av dei blåskjorta pampane ute ved NHH. Åge hadde ikkje akkurat so mykje til overs for ein politisk ideologi som ifølgje han sjølv hadde teke livet av fleire menneske enn nazismen og Svartedauden til saman. Han grafsa til seg toalettrullen og brukte omtrent heile på å tørke si hårete manneræv. Deretter forlét han toalettet utan å vaske seg på nevane.
Ein frykteleg stank av daude og rotenskap følgde han ut døra, og fekk auga til alle forbipasserande til å byrje å renne. Ei smellvakker studine med Che Guevara T-skjorte rynka på sin søte, katteaktige nase i forakt, medan ein vitskremd, pinglete, bebrilla medstudent fekk astmaanfall. Åge humra nedlatande på sin veg bort i den vesle, koselege kantina. Etter å ha kjøpt seg ein kopp kaffi og ein kanelbolle, installerte han seg ved den førti år gamle pulten i lesesalen igjen, fast bestemt på å leggje ned eit bokleg dagsverk av djup, konsentrert, intens akademisering av sin digre mannehjerne.
Sju minutt seinare byrja magen å rumle stygt igjen, det kjendest nesten ut som om heile vomma skulle kløyvast i to. Åge heldt seg til magen og sleppte frå seg eit hundeaktig klynk i det ein saftig brakfis drønna ut or han. Fleire rundt han hysja på han med arge, bebrilla auge. I det Åge snudde seg rundt og såg stygt på den næraste hysjaren, trekte den vitskremde, pinglete avvikaren til seg blikket som ein skremd hare. Den digre mannen reiste seg opp so stolen skrapte støyande bortetter det eldgamle, slitne golvet, og forlét lesesalen lett galopperande. Han kom seg akkurat inn på toalettet og ned på dassen før ei elv av skit skaut ut rasstuten på han med krafta til ein brannslange.
Medan han sat der og pintest, vende han igjen sitt isblå blikk opp på den høgt ideoliserande posteren av det kyssande kjærasteparet Lenin og Stalin. Dei var ikkje akkurat snille gutar, og Stalin hadde ein paranoid og fiendtleg veremåte som fekk sjølv Hitler til å framstå som ein fredsæl bygdeprest. Hadde ein poster av Hitler i intimt skinkerytteri med Vidkun Quisling fått henge inne på den stinkande herredassen på HF-fakultetet so veldig lenge? Åge tvilte på det, før han sleppte frå seg eit sårt klynk då den siste glovarme dropen av skit og vatn pinte seg ut rævholet på han. Med siste rest av papiret i toalettrullen tørka han seg so godt han kunne. Deretter forlét han toalettet, denne gongen òg utan å vaske seg på nevane.
På sin veg ut døra møtte han på ein middelaldrande mann i kjeledress. Han var mest sannsynleg vaktmeisteren, og han skulle truleg skifte ut den gåtte pæra over vasken. I det Åge var halvvegs nede i trappa, og vaktmeisteren hadde entra toalettet, høyrde Åge den stakkars mannen utbryte «Åh, fy faen!». Den svære, plukkande rotne mannen humra for seg sjølv i det han lunta i veg mot den vesle, koselege kantina. Etter å ha kjøpt seg ein kopp kaffi og ein kanelbolle, installerte han seg nok ein gong ned føre den tilnærma prehistoriske pulten. No skulle han fôre hjernen sin med kunnskap som gjorde hans veldige retorikkarsenal endå meir uovervinneleg!
Eit kvarter seinare bestemte Åge seg for å gje seg for i dag. Det var ingen grunn til å trøytte ut vitet sitt med denne endelause ordstraumen av uavbroten galenskap. Dessutan merka han at han måtte drite. Igjen. Med den stygge, spygrøne skulesekken i neven, sprang han stønnande og rautande opp trappa mot toaletta; han sprang nesten ned ei smellvakker, barmfager studine kledd i ei mørkegrøn skjorte lik den til Mao, det kinesiske, like mordariske motstykket til Stalin. Ho sleppte frå seg eit mjauande klynk i det døra inn til herredassen gjekk igjen med eit brak som gav gjenlyd i det gamle bygget. Åge heiv seg ned på dassen med brøl og rabalder, han heldt nesten på å knuse dolokket.
Mannskiten spruta ut or han so det song i veggane, heile dassen bak han vart spraymåla av den gulbrune gugga. Sjølv då vomma vart heilt tømt for både vått og tørt, sat han der og leid – no var diaréen erstatta av endelaus fising som truleg kunne høyrast over halve Sydneshaugen. Mannen måtte berre le av denne gastro-eksorsismen. Omsider hadde mannevomma hans roa seg for denne gong, og med eit letta sukk greip han etter dasspapiret.
Han grep ingenting anna enn den harde kjernen – bokstavleg tala. Med lett otte i sitt isblå blikk såg han på den gråbrune papirkjernen. Kva skulle han gjere no? Deretter vende han auga opp på den homoerotiske Lenin-Stalin-posteren på døra føre seg. Han leia ein finger nedover han, og vurderte konsistensen på papiret til å vere god nok for hans hårete manneræv. Flirande av skadefrygd reiv han ned posteren, delte han opp i passeleg tørkestore stykke, og byrja å tørke si søkkvåte, dritdrypande rumpe. Han var so utskiten at han faktisk brukte heile posteren. Fyren humra nedlatande for seg sjølv; no fekk han både tørka seg og vist HF-fakultetet kva han meinte om deira skamlause ideolisering av dei verste massemordarane i nyare verdshistorie.
Etter å ha halt buksa på plass og med naud og neppe fått sin digre kuk inn i buksa, skylte Åge ned sine tarvelege, stinkande etterlatenskapar. Dassen, derimot, gav frå seg eit rart stønn, før vatnet sakte byrja å stige. Med rynka panne forlét Åge båsen og stira med vantru på korleis vatnet rann over kanten på den vesle doen og byrja å renne bortetter golvet. I det han gjekk med snøgge steg ut døra, var heile rommet dekt av gulbrunt vatn og restar av den kommunistiske posteren. På sin veg ned trappa såg han det illeluktande vatnet byrje å sildre som ei elv ned trappa. Han bestemte seg for å forlate Leninhøgda for denne gong.
