Dagleg leiar i Document, Hanne Tolg, skriv i ei nyttårshelsing til lesarane 31.desember 2024 at avisa ønskjer seg fleire abonnentar, og at dei difor må utvide den sokalla «tidsmuren» frå 24 til 48 timar. Tidsmuren viser til at enkelte artiklar berre er tilgjengelege for abonnentar dei fyrste 24 timane etter publiseringstidspunktet. Etter 24 timar blir dei som regel låste opp, slik at ikkje-abonnentar òg kan lese dei.
No har Document, som i 2023 fekk utbetalt nesten 2,9 millionar kroner i pressestøtte, altso tenkt å utvide tidsmuren til 48 timar i håp om å trekkje til seg fleire abonnentar.
Sjå òg «Document har fått pressestøtte – har visse mektige aktørar snakka saman?», publisert 9.november 2023.
Tolg skriv:
«Mot slutten av året har vi passert 4000 abonnenter. Det var naturlig at mange av dere som donerte jevnt og trutt opp gjennom årene, gikk over til abonnement. Vi både håpet og forventet det. Men det burde ha vært mange flere, for vi har daglig langt flere lesere, seere og lyttere enn de 4000 som har kjøpt abonnement.
Nå når året nesten er omme, viser regnskapet at inntektsnivået ser ut til å bli så vidt over det vi hadde i fjor. Samtidig har utgiftene økt med flere nye medarbeidere i løpet av 2024.»
Av interesse for Saksyndig-lesarane er ein av dei nye medarbeidarane Espen Teigen, og han vart nyleg dømt til ni månaders ubetinga fengsel for grovt bedrageri. Han hadde gjeve uriktige opplysningar for å få støtte til pendlarbustad. Det kan diskuterast om Staten hadde valt seg ut Teigen som tilfeldig offer eller ikkje, men faktum er at han jobbar i Document, og får full støtte frå sjefen sin, redaktør Hans Rustad.
Sjå òg «Bidreg tiltalen mot Espen Teigen til å øydeleggje tilliten allmennheita har til rettssystemet?», publisert 22.desember 2024.
Tolg skriv vidare:
«1000 nye abonnenter er 2.380.000 kroner i økte abonnementsinntekter og betyr tre nye ansatte. Vår vekst krever en kontinuerlig jakt på inntekter, slik at vi kan utvikle Document Media til det produktet som du etterspør og trenger. Vi bruker alltid vett og forstand når det gjelder økonomien, og du kan stole på at hver krone brukes best mulig.»
Document har dei siste åra skipa «lokallag» rundt om i heile landet. Saksyndig har ikkje sett seg inn i kor mykje journalistikk desse lokallaga bidreg med, men det eine lokallaget eg kjenner til seier at dei har ingenting med det redaksjonelle innhaldet i Document å gjere.
Fordi veksten av abonnentar ikkje er so rask som dei håper på, og dei ønskjer fleire tilsette, inkludert ein TV-produsent, kjem Tolg med følgjande forkynning:
«For å legge et mildt press på faste lesere som ennå ikke har kjøpt abonnement, må vi utvide tidslåsen på artiklene til 48 timer.»
Document Media meiner at dei ikkje er som andre media, og at dei har eit heilt spesielt samfunnsoppdrag: «å forsvare friheten i Vesten mot landenes egne myndigheter».
Eit anna «viktig samfunnsoppdrag» er å iherdig forsvare Israel og alt dei gjer, om det so er kaldblodig folkemord på palestinarar. Saksyndig har vanskar med å sjå på spreiing av sionistisk propaganda som eit «viktig samfunnsoppdrag», men ønskjer Document lykke til. Men ein tidslås på 48 timar gjer at det frå no av blir uaktuelt frå mi side som redaktør å bruke Document i mitt eige reelt viktige samfunnsoppdrag. 48 timar er ein mannsalder i nyheitsbiletet, og det finst mange andre aktørar i alternative media utan slike vilkårlege sperrer, både når det gjeld tilgang til innhaldet deira og deira eige verdssyn.
Document er ikkje berre plaga av ein ubeleileg tidsmur som held ute sokalla «gratispassasjerar»; redaktøren i den avisa/meinigheita er sjølv ideologisk korrumpert av sin eigen, private mur der saklege motargument blir møtt med sensur, utestenging og uthenging.

Har selv blitt utestengt fra Document på usaklig grunnlag. De tåler ikke motargumenter og blir da opptatt av å demonisere den andre siden.
LikarLikt av 1 person
Den same erfaringa har eg og andre eg kjenner òg. Dei oppfører seg meir som ei meinigheit enn ein «mediekanal».
LikarLikar
Er så enig i det du skriver her, saksyndig.
Avsluttet mitt Doc. abonnement tvert da jeg leste om dette nye «tiltaket.»
I tillegg var Christian Skaugs arrogante angrep på noen av sine lesere i kommentarfeltet med dertil hørende publisering av hva de hadde postet i sine slettede kommentarer å gå langt over streken, etter min mening.
Dette er å som å stille sine leserne i offentlig gapestokk midt på torget.
Document er ikke til å kjenne igjen etter de fikk innvilget pressestøtte.
LikarLikt av 1 person
Nettopp. Det kan få ein til å med rette stille spørsmålet: Er dei kontrollert opposisjon? Er målet å splitte folket når det gjeld Israel? Eit svar på dette spørsmålet vil vi naturlegvis ikkje få frå deira side – alle som stiller spørsmål ved deira doktrine er jo «antisemittar».
LikarLikar
Document er ikke det de utgir seg for å være.
Når pressestøtten kom inn, solgte de sjelen sin ut, så vi kan nok trygt kalle det kontrollert opposisjon.
Fra nå av må de nok trå varsomt for ikke å tråkke på for mange ømme (myndighets)tær.
For øvrig er det påfallende hvor opptatt de er av moderering i dette «eneste» frie, usensurerte norske mediehuset.
Skulle gjerne støttet ditt viktige arbeid med noen kroner jeg, saksyndig, (nå som jeg har fått frigitt pengesummen som gikk til Doc. 🙂 hadde det bare vært noen andre alternativer enn Vipps, da «gamlinger» som meg ikke bruker denne tjenesten.
LikarLikt av 1 person