USA sanksjonerer mot tenkjetank grunnlagt av den russiske filosofen Aleksandr Dugin

Russia Today (RT) rapporterer:

Det amerikanske finansdepartementet utvida sanksjonar mot russiske og iranske organ tysdag [31.desember 2024]. Spesielt la dei til «Senter for geopolitisk ekspertise» (CGE) til svartelista si, ein tenkjetank grunnlagt av ein russisk filosof, Aleksandr Dugin; dei påstod at CGE visstnok hadde utført ein desinformasjonskampanje mot presidentvalet som vart vunne i 2024 av Donald Trump.

Washington la for seg sjølv òg til direktøren i organisasjonen, Valerij Korovin, på sanksjonslista, der dei skulda han for å kontrollere den påståtte desinformasjonskampanjen. Ifølgje meldinga frå finansdepartementet, skulle CGE ha jobba «direkte» med russisk militæretterretning, GRU, og brukt si finansielle og logistiske støtte til å leggje til rette for ein massiv forstyrringskampanje som hadde novemberavrøystinga som mål.

Lista over tiltak som visstnok var tekne av CGE skulle ha vore alt frå «skaping og publisering av deepfakes» og setje i omløp «desinformasjon om kandidatar» og vedlikehalde eit «nettverk av minst 100 nettsider brukt i deira desinformasjonsoperasjonar», so vel som ein «KI-teneste-server».

Finansdepartementet kom ikkje med nokon spesifikke døme på dei visstnok vondsinna aktivitetane til CGE. Ei heller spesifiserte dei om dei påståtte handlingane hadde oppnådd nokon påverknad på valkampanjen eller røysteresultata. Dei nemnde berre at tenkjetanken visstnok «manipulerte ein video dei brukte til å produsere grunnlause skuldingar vedrørande ein 2024-vistepresident-kandidat for å så usemje hjå den amerikanske veljarmassen».

Den russiske filosofen og politiske kommentatoren Aleksandr Dugin har av vestlege media blitt skildra som «Putins hjerne» for sin påståtte påverknadskraft over den russiske presidenten, og påverknaden arbeidet hans har på eliten i landet generelt. Dugin, som er ein iherdig kritikar av Vesten og ein utanrikspolitisk hauk, støttar lidenskapeleg Russlands militæroperasjon mot Ukraina. Filosofen vart sett på USA si sanksjonsliste so tidleg som 2015 på grunn av støtta han hadde for Donetsk og Lugansk på den tida.

Tysdagens sanksjonsliste inkluderte i tillegg eit iransk organ skulda av Washington for å vere ei underavdeling av Den iranske revolusjonærgarden, og for å ha som mål amerikanske val òg.

Verken CGE eller dei russiske tenestepersonane har enno kommentert på utviklinga.

Washington og deira allierte har innført rekordmessige 22 000 sanksjonar mot Moskva sidan 2014, då eit vestleg støtta kupp i Kiev fekk Krim til å bli med i Russland igjen, og førde til ein konflikt mellom Ukraina og Donbass-republikkane. Talet tiltak gjekk i vêret etter lanseringa av spesial-militæroperasjonen i februar 2022.

Tidleg i desember sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Vesten sine sanksjonar mot nasjonen hans var nyttelause og meiningslause sidan Russland vellykka har stått imot presset so langt, og «ingen utpressing eller forsøk frå utsida på å hindre oss vil nokosinne gje resultat».

Omsett av redaktøren i Saksyndig. Sjå òg «Putin: Vesten si plaging av Moskva er nyttelaust», publisert 16.desember 2024.

Kommenter innlegget