Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Ein nyleg oppdukka treningsmanual for den amerikanske hæren frå 1970-talet hevdar å ha avslørt hemmelegheita bak reduksjon av smertesignal i menneskekroppen – alt ved hjelp av tankekraft og gjentakinga av eit enkelt femsifra nummer.
Dokumentet, som har tittelen Gateway Intermediate Workbook, vart skapt ved Monroe Institute of Applied Sciences [«Monroes institutt for anvendt vitskap»] i 1977. Den private organisasjonen, som er kjent for forskinga si på endra medvitstilstandar, gjekk i partnarskap med den amerikanske hæren sin Intelligence and Security Command (INSCOM) [«etterretnings- og tryggleikskommandoen»] for ein serie metafysiske eksperiment. Arbeidet deira utforska visstnok alt frå fjernsjåing [engelsk remote viewing] til forbetring av menneskeleg yteevne.
Arbeidsboka på 21 sider, som vart avklassifisert [offentleggjort] av CIA i 2003, gjev eit glimt inn i dei ukonvensjonelle opptreningsmetodane til hæren. På side 14 legg ein seksjon med tittelen Daily Tools [«daglege verktøy»] ut om teknikkar for å redusere smertesignal, finne fram minne, og til og med «lade kroppen» for å få bli raskare og sterkare.
Medan mange forsøker å redusere smerte ved hjelp av legemiddel, slår rapporten fast at dette kan bli oppnådd på få minutt ved å bruke berre tankane og gjentaking av ein spesifikk femsifra kode.
«For å redusere smertesignal», stod det å lese i det ein gong hemmelegstempla dokumentet, «sjå med lukka auge på den delen av kroppen der kjelda til smertesignala ligg».
«Medan du ser på det, gjenta i tankane dine talet 55515. Når du gjer desse to tinga, vil smertesignala gradvis bli reduserte heilt til dei ikkje lenger er viktige.»
Daily Mail rapporterer: Meditasjonstreninga var del av ein serie topphemmelege program som vart finansiert av CIA frå rundt 1972 til 1995, som utforska metodar for å utvide medvit og menneskeleg potensiale for spionar og spesialoperasjonsteam.
Mange av desse prosjekta, med namn som «Star Gate» og «Grill Flame», fokuserte på klarsynt spionasje eller «fjernsjåing» av fjerne interesseområde i tid og rom.
Men andre hadde meir konkrete, fysiske mål, slik som arbeidsboka.
«Du lærer på endå meir storslegne måtar å utvikle og kontrollere ditt fysiske sjølv via anvending av ditt totale vesen,» står det å lese i dokumentet. «Du vil bli i stand til å bruke dei når enn du måtte ønskje.»
Arbeidsboka skildra òg ein metode for «å lade opp kroppen for å bli raskare og sterkare», og guidar den amerikanske hæren sitt INSCOM-personell til å «lukke auga dine, puste djupt inn, tenkje på den fysiske handlinga som skal utgjerast, og raudt sin sterke energi.»
Det kan vere so enkelt som dette, ifølgje teamet ved Monroe-instituttet: «I det du pustar ut, opne auga og utfør handlinga du ønskjer å oppnå.»
Eit anna dagleg verktøy hevda at det kunne hjelpe forsøkspersonar med å finne fram igjen tapte minne.
«For å hugse kva som helst slags del av livsopplevingane dine, lukk auga og rør varsamt med fingrane på høgrehanda på midten av panna,» står det å lese i dokumentet.
«Når du gjer dette, hugsar du omgåande det som du bevisst ønskjer.»
I dag har Monroe-instituttet si ikkje lenger hemmelegstempla tilnærming til smertehandtering framleis fokus på meditasjon – no assistert av toneopptak som dei kallar Hemi-Sync (forkorting for Hemispheric Synchronization [«synkronisering av hjernehalvdelane»], som speler lyd ved spesifikke frekvensar.
«Lyd-guide-teknologien» Hemi-Sync fremjar synkronisering mellom høgre og venstre hjernehalvdel, hevdar instituttet, for å forbetre medvitet.
Instituttet, som viser til arbeid publisert av Journal of the American Medical Association i 2016, har no den ståstaden at «meditasjon kan lære deg å leve i ditt ubehag som, til slutt, kan lære hjernen din å overstyre desse smertemeldingane og late deg føle lindring».
Seks år etter at Gateway Intermediate Workbook vart laga i 1977, bestilte INSCOM ein rapport om framgangen til Monroe-instituttet.
Oberstløytnant Wayne M. McDonnell i den amerikanske hæren, forfattar av denne oppsiktsvekkjande Pentagon-studien frå 1983, tilrådde den då hemmelege prosessen som «eit opptreningssystem laga for å gje betre styrke, fokus og koherens… for å endre medvitet.»
«Der ligg eit rimeleg og rasjonelt grunnlag når det gjeld fysisk vitskap-parametrar for å vurdere Gateway som plausibelt når det gjeld deira essensielle mål,» rapporterte han.
Joe McMoneagle – ein Vietnamn-veteran som hadde oppgåve å vere Remote Viewer No1 [«fjernsjåar nummer 1»] i eit av INSCOM sine klarsynt-spionasje-program – sit no i det rådgjevande styret og jobbar som «Gateway»-instruktør ved Monroe-instituttet i dag.
Men stundom, ifølgje McMoneagle, har Gateway-teknikkar som vart lært ved Monroe-instituttet gjeve veteranen smerte so vel som lindring.
I eit urovekkjande tilfelle fekk Remote Viewer No.1 i oppgåve å sjå eit fjernt «UFO-mål» med sitt indre auge, berre for å møte eit visstnok like klarsynt og fiendtleg «vesen».
«Eg hadde ei kjensle av at noko trengde seg inn i mitt vesen og rørte ved ei nerveending som med éin gong gjorde meg sjuk,» tilstod McMoneagle i eit 2021-intervju.
«Det kjendest ut som eg skulle styrt-spy, og eg fann meg sjølv tilbake i kroppen med eit brak, og slo hovudet mitt i skjermen,» heldt han fram.
Når han ser tilbake på episoden, som fekk både han og ein kollega til å «halde til hovuda våre i smerte», sa McMoneagle at hans opplevingar med Gateway-arbeidet for alltid har endra både han sjølv og synet hans på naturen til verda.
«Du må rett og slett byrje å lure på kor røyndommen byrjar og sluttar når du blir involvert i denne typen ting,» sa han.
«For meg var denne opplevinga særs ekte, men eg kan berre rapportere om den.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
