Albania forbyr TikTok på grunn av «perversjon»

Russia Today (RT) rapporterer:

Albania er i ferd med å setje i verk eit eittårig forbod mot TikTok for å beskytte barn og tenåringar. Derimot hevdar kritikarar av statsminister Edi Rama at hans ekte mål er å stilne politisk opposisjon i forkant av eit val i mai, ifølgje Reuters.

Rama forkynte forbodet i slutten av desember etter det han sa var fleire veker med rådgjeving med foreldre og lærarar. Han sa at avgjerda vart motivert av den dødelege knivstikkinga av ein 14 år gammal gut i november på grunn av ein disputt på sosiale media. TikTok har protestert, og peikt på at verken offeret eller gjerningsmannen hadde brukt plattforma.

«Dette skaper ein farleg presedens der statar når som helst kan stengje ymse plattformer,» sa Orkidea Xhaferaj i SciDEV til Reuters, ein Tirana-basert tenkjetank finansiert av George Soros sitt Open Society Foundation og ei rekkje vestlege regjeringar.

«Han ønskjer å lukke munnen vår», sa Arlind Qori, leiar av det politiske partiet Bashke («saman») til byrået, og skildra TikTok som eit mektig kommunikasjonsverktøy til opposisjonen.

Leiarane i Albania sine to største opposisjonsparti, Sali Berisha (Det demokratiske partiet) og Ilir Meta (Fridomspartiet), har blitt sikta for korrupsjon. Dei har fornekta siktingane og kalla dei politisk motiverte.

Forretningsmann Ergus Katiaj klaga òg over det komande forbodet, og seier det vil frårøve han gratisreklame som gjev han 1000 dollar ekstra i månadleg profitt. Katiaj legg ut innlegg på TikTok kvar kveld, og minner kundar i Tirania på at butikken hans leverer alkohol, sigarettar og snacks heile natta.

Regjeringa til Rama sa at forbodet skal bli sett i verk «tidleg i 2025», men TikTok er per torsdag [2.januar 2025] framleis på nettet.

«Det eitt år lange forbodet mot TikTok i Albania er ikkje ei hasteavgjerd på grunn av ei isolert hending, men ei nøye gjennomtenkt avgjerd gjort i samråd med foreldresamfunn i skular i heile landet,» sa statsministeren i desember.

Etter 1300 slike møte støtta 90% av lærarar og foreldre TikTok-forbodet, sa regjeringa til AP [Associated Press].

«Inni Kinas TikTok ser de ikkje hooliganisme, perversjon, vald, mobbing, kriminalitet,» sa Rama i talen sin førre månad der han forkynte forbodet, og viste til plattforma Douyin. «Kvifor treng vi dette?»

Både TikTok og det kinesiske motstykket Douyin vart utvikla av ByteDance, eit selskap med base på Cayman-øyane.

Det kinesiske opphavet til videodelingsplattforma har plassert det i skotlinja til mange regjeringar i Vesten. USA vedtok ei lov i fjor som kravde at ByteDance skulle selje TikTok i nasjonaltryggleiken sitt namn, med frist til 19.januar.

Romania annullerte presidentvalet sitt i november etter at etterretningsbyrå påstod at «russisk påverknad» låg bak ein TikTok-kampanje som støtta den uavhengige kandidaten Calin Georgescu. Avgjerda vart ikkje omgjort sjølv etter at det viste seg at kampanjen hadde blitt manipulert av det pro-vestlege Nasjonalliberale partiet i staden.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget