Remix News melder:
Moldova står overfor ei alvorleg energikrise etter at Ukraina ikkje forlenga si gassoverføringsavtale med russiske Gazprom. Med sitt siste trekk for å stengje av for russiske gassforsyningar gjennom sitt territorium, har Kiev hindra inntektene frå støtte av Russlands krig i Ukraina; derimot er det venta at europeiske land som er avhengige av russisk gass kjem til å lide, og kanskje ingen andre meir enn Moldova, spesielt utbrytarregionen Transnistria.
Den pro-russiske transnistriske økonomien er heilt avhengig av russisk gass, men no har den forsyninga blitt stengt av. Varmen i Transnistria har blitt slått av, og det er enno ikkje kjent kor lenge denne situasjonen kjem til å vare, ifølgje den ungarske nyheitsformidlaren Mandiner.
«Der er verken varme eller varmt vatn,» sa ein tilsett i eit lokalt energiselskap ved namn Tirasteploenergo i eit intervju med Reuters. Ho snakka med nyheitsbyrået i telefon frå Tiraspol, hovudbyen i utbrytarterritoriet, og sa at ho ikkje visste kor lenge situasjonen vil vare.
I Transnistria, på grunn av energikrisa, har berre sjukehus og vital infrastruktur oppvarming, og der er minimalt med oppvarming i heimar. Lokale styresmakter installerer «varmepunkt» og ber innbyggjarar bruke teppe for å halde varmen.
Regionens hovudkraftverk i Kurchugan går på kol, men denne forsyninga rekk berre til 50 dagar.
Dette utgjer òg eit alvorleg problem for heile Moldova, som får 80% av straumen sin frå Kurchugan.
Chişinău prøver å kjøpe energi frå europeiske kjelder, men dette vil føre til ein vesentleg auke i kostnader.
Gazprom seier Moldova skuldar nesten 700 millionar dollar, medan Chişinău hevdar at gjelda berre er ni millionar, der mesteparten allereie har blitt gjort opp for. Moskva sitt mål er økonomisk og sosial destabilisering, som kan underminere EU-håpet til Moldova og auke sjansane for pro-russiske krefter i parlamentvalet i 2025. Kreml er framleis i opposisjon til den pro-vestlege presidenten Maia Sandu, som er kjent for sine nære band til Vesten.
Energikrisa kan gjere dei økonomiske og sosiale problema i Moldova endå verre, spesielt blant den fattigare delen av befolkninga.
Misnøye veks på grunn av den drastiske auken på straum- og gassprisar, som Russland kan utnytte for å styrke si politiske påverknadskraft.
Analytikar Jakub Pieńkowski sa til BBC at han spår at alt dette vil vere til fordel for Russland i det lange løp.
«Russland kan vente på valet og so vil parti som ikkje er pro-EU truleg vinne,» sa Pieńkowski. «Fordi Maia Sandu kan snakke om EU-tilgang, men kva nytte er det dersom folk ikkje har pengar til straum eller gass? Dette er målet til Russland.»
Befolkninga i Transnistria er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og mangelen på forsyningar kan føre til ei vidare forverring av leveforhold og sosial uro. Faktisk kan langtidskonsekvensane av krisa òg setje i fare integreringa til Moldova i EU.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
