Åge og den unormale dagen derpå

Vanlegvis pla Åge å ha ein kranglete og uberekneleg mage dagen derpå, men magen kom seg vanlegvis etter eit par eksplosive besøk på dass. I verste fall var det snakk om nokre timar med særs illeluktande fising utpå ettermiddagen, før alt var som det skulle vere.

Denne gongen, derimot, var det noko som ikkje stemte.

Den digre mannen hadde sete i si solbada, kummerlege stove og bøtta nedpå med øl medan gammal progrock dundra i veggane. Deretter, når han gjekk tom for øl i ellevetida på kvelden, hadde han funne ein dunk med vin som han ikkje kunne erindre å ha kjøpt. Han hadde funne dunken inst inne i skapet, ved sida av det store spannet med proteinpulver som han hadde kjøpt for tre år sia, men enno ikkje ete halve av. Dunken vart opna. Musikken vart skrudd endå meir opp. Vinen vart skamlaust bælma frå eit halvlitersglas. Ein time seinare sjaga den dauddrukne branden inn på badet og spydde so det spruta. Inne i dusjkabinettet.

Dette var for Åge ei heilt normal fyllekule, og etter å ha spydd ned badet, greidde han på eit vis å kome seg i seng. Musikken dundra framleis då han slokna, men stoppa like etterpå, sia batteriet på den elleve år gamle laptopen var tomt.

Klokka halv fire om morgonen vakna Åge av at han var so inni helvete sur i magen. Han berre låg og rapte, gulpa, feis og vreid på seg. Han hadde ikkje opplevd maken til brystsvie. Til slutt vart denne plaga utolererbar – han måtte opp før syra etsa hol tvers gjennom buken på han! Framleis godt fordrukken snirkla han gjennom den smale gangen og ut på det vesle, brunskitne badet.

Med eit håst gaul fall han i golvet og slo bakhovudet sitt so det drønna i heile han. Han hadde forståeleg nok gløymt at heile badet var dekt i spy frå golv til tak, og han hadde sklide i denne sure, såpeglatte gugga. Hadde han treft den rustne spikaren som stod to centimeter ut frå dørstokken, hadde han vore steindaud. Han opna sine isblå, blodsprengde auge og fann seg sjølv liggjande i sitt eige kalde spy. Tosken låg der som ein stranda kval, han kom seg ingen stad – og no var vomma surare enn nokosinne!

Han hadde ikkje noko val – svineriet måtte ut. Han greidde etter mykje kaving å kome seg over i stabilt sideleie, og den sure gufsen stod ut av både munn og nase på han. I femti dryge minutt låg han og spydde og brekte seg – sjølv lenge etter at han hadde spydd seg tom.

Etterpå tok han rett og slett eit handkle og breidde over seg. Dette fekk han ordne opp i seinare. Fyren slokna og gleid inn i ein uroleg søvn, berre for å vakne av den uuthaldelege brystsvia ein time seinare.

I nitida greidde han omsider å kome seg opp, ettersom promillen då hadde gått ned nok til at han ikkje lenger var på holebuarnivå. Fyren såg med skjemt blikk på det nedspydde badet. Det var ikkje ein rein flekk nokon stad. Sjølv spegelen var tilgrist! Han rista blåsande på hovudet over sin eigen dumskap – at han aldri lærte! Mannen starta so den høgst avskyelege oppgåva å vaske badet (det må ha vore minst eit halvt år sidan sist han vaska der!). Han kasta eit blikk på dusjen og so eit blikk på badet. Han trekte på skuldrene, før han byrja å sprute vatn rundt seg med dusjhovudet.

Det tok han ein time å fjerne all spya inne på det vesle badet. Fyrst då badet var i akseptabel tilstand, kunne han byrje å dusje seg sjølv. Klokka halv elleve var han omsider rein.

Kjeften hans fekk Sahara til å verke som ei frodande elv. Åge var so tørst at han lett kunne drikke ein halv sjø. Karen vralta gjennom den vesle gangen og inn på kjøkkenet. Han formeleg vada gjennom dei veldige mengdene med tomgods, tok det einaste reine glaset i skåpet, fylde det med vatn og hylte det i seg. Snart følgde minst fem glas til ned den uttørka halsen.

Omsider kjende han seg som eit menneske. Trass i ei stygg rumling i magen, byrja han å ta ut egg, smør og bacon frå kjøleskåpet. Her skulle det etast! Snart freste smøret i panna. Fyren heiv fem remser med bacon oppi panna, før han klekte fem egg oppi. Snart kom det fram ein boks med tomatbønner òg. All maten var av billegaste og simplaste merke.

Brått kom den uuthaldelege brystsvia tilbake igjen. Åge heldt seg stønnande til brystet. Det var definitivt noko som ikkje stemte. Magen høyrdest ut som eit fly som heldt på å ta av. Det kjendest ut som om ein fis var i ferd med å trengje seg ut. Medan han stod og rørte i tomatbønnene sleppte han ein lang, dryg brakar som song i veggane og reiv i nasen.

Like etterpå fekk han ei rar, våt kjensle i ræva. Ein stank av ei anna verd fylde kjøkkenet. Med store, redde auge heldt Åge seg til baken på den tynne shortsen.

«Kva i helvete…» mumla han til seg sjølv. Fingrane hans var tilgrist av gulaktig skit!

Mannen hadde rett og slett drite seg ut.

Bannande og steikjande dundra branden i veg mot badet medan magen rumla høgt og endelaust. Fyren heiv seg ned på toalettet brøkdelen av eit sekund før ingenting anna enn vatn spruta ut rævholet på han. Dei fleste fem dagar gamle kadaver lukta godt i forhold til den ulidelege angen som oppstod. Åge såg skjemd ned på den tilgrisa trusa og shortsen og rista blåsande på hovudet. Dette var definitivt ikkje normalt. Han tørka seg so godt som han kunne, men ræva var so tilgrist og våt at prosjektet var fåfengt; han kunne like gjerne ha prøvd å måle eit hus med ein tannkost.

I det han sat bøygd nedover kom rumlinga igjen. Denne gongen vart han gripen av ei overveldande kvalmekjensle. Fyren måtte rett og slett spy. Med eit håst raut snudde han seg rundt, pressa trynet ned i doskåla (han hadde ikkje rukke å skylje ned!) og spydde. Anstrenginga fekk meir vatn til å sprute ut rævholet på han. Nok ein gong vart badet tilgrist. Karen låg og spydde og dreit i noko som kjendest ut som ei æve.

Omsider var han fullstendig tom.

I same augneblink byrja røykvarslaren å pipe – lyden gjekk gjennom merg og bein og kunne lett vekkje dauve. Fyren spratt på beina. Med dritvatn sivande ut ræva raste han inn på kjøkkenet. Bønnene hadde svidd seg. Han opna vindauget på både kjøkkenet og i stova og greidde å skape gjennomtrekk nok til å få lufta ut. Røykvarslaren gjorde han kort prosess med – den vart tilinkjegjort ved hjelp av tomatbønnepanna. Åge heldt seg til hovudet og oppdaga at han hadde grist dritvatn utover heile golvet både på kjøkkenet og i stova.

Med ei furtande mine i andletet henta han fram bøtte, klut, svaber og grønsåpe – men ikkje før han hadde teke på seg ein ny shorts, ei ny truse og stappa rikeleg med dasspapir nedi. Ein halvtimes brutalt vaskearbeid seinare var leilegheita plettfri. Det var truleg fyrste gong på over eit år at han vaska her!

Svolten som ein ulv heiv han seg over dei kalde egga og baconet – det gjekk ned på høgkant saman med seks glas vatn og ein halv kartong heilmjølk som gjekk ut på dato i førre veke ein gong. Mett og rimeleg tilfreds gjekk han ut på altanen med ein kopp kaffi i sin digre manneneve. Kanskje han skulle gjere noko hagearbeid i dag. Den sokalla hagen såg meir ut som ei utmark – ugraset var so høgt at han truleg måtte bruke ljå for å få det vekk. Selde forretningane framleis ljåar? Han gneid seg på haka før han drakk ein sup frå den krutsterke jordmorkaffien.

Brått kom den irriterande brystsvia tilbake, saman med den illevarslande, endelause rumlinga. Rumlinga forplanta seg nedover vomma, før Åge kjende at han måtte fise. Klok av skade sette han varsamt frå seg kaffikoppen på det vaklevorne, jordslagråka plastbordet, før han sprang på do. Han heiv seg ned på dassen brøkdelen av eit sekund før ingenting anna enn vatn spruta ut av rævholet på han. Babybleier som hadde lege i sola i elleve dagar lukta kanel og kirsebær i forhold til den demoniske dåmen som fylde heile husværet.

I det han sat der, vart han gripen av den overveldande kvalmekjensla igjen. Denne gongen greip han vaskebøtta (som framleis hadde vatn i seg!) og spydde som ein gris. Alt kom ut begge endar på han. Spyet vart erstatta av endelaus brekking, og dritvatnet vart erstatta av endelaus fising som truleg kunne høyrast i heile nabolaget. Ikkje at det siste brydde Åge på nokon måte, det budde berre tullingar og narkomane i dette strøket likevel (bustadprisane i dette strøket var so låge at meklarane av og til gav vekk husvære!).

Frukosten som han hadde ete fem minutt tidlegare var no ute igjen. Snakk om bortkasta eting! Åge rista blåsande på hovudet, før han tørka seg det beste han kunne. Bøtta med spy og grønsåpevatn vart tømt ned i dassen. Akkurat i det han skulle til å forlate badet, måtte han drite igjen. Meir dritvatn kom ut. Han brekte seg, rapte og gulpa, torturert av den vemmelege brystsvia. Dersom drikkinga hadde forårsaka dette, skulle han aldri røre alkohol igjen!

Mest sannsynleg var det eit magevirus, ettersom denne sotta pla å heimsøkje byen kvar sommar, spesielt når temperaturane veksla slik dei gjorde no. 12 grader og regn den eine dagen. 28 grader og steikjande sol den neste. Ikkje rart magar og vit vart forvirra.

Etter å ha hive i seg tre Paracet, gjekk han til sengs. Kva enn denne sjuka var, håpte han at kvile ville hjelpe, for dette unna han ikkje sin verste fiende. Okay, kanskje éin av dei, men ikkje alle.

***

Han opna sine isblå, forpinte auge. Magen hans var surare enn ei vakker dame på byen. Det kjendest bokstavleg tala ut som om han skulle gå i oppløysing kvar augneblink. Han gulpa, stønna, feis og vreid på seg. Klokka på nattbordet viste halv fem om morgonen. Han sleppte frå seg eit forundra grynt. Hadde han sove ein heil dag? Fyren blåste ristande på hovudet, før brystsvia og kvalmen tvinga han opp i sitjande stilling. Han heldt seg til brystet medan nok ein fis sprakte bak. Noko i han måtte ut og det fort! Den digre grobianen reiste seg opp og raste ut på badet. Ingenting anna enn vatn spruta ut rævholet på han. Sur, gjennomsiktig slim spruta ut munn og nase på han og ned i bøtta. Mannen sat i ein dryg halvtime og spydde og dreit. Det siste kvarteret sat han berre og brekte seg og feis. Etter langt om lenge gjekk det over.

I det han tok på seg trusa tykte han at ho var mistenkjeleg våt bak. Han kasta eit blikk nedi ho og oppdaga til sin store skrekk at ho var tilgrist av dritvatn. Han hadde drite seg ut i søvne! Fylt av ei illevarslande kjensle gjekk han sakte ut av badet og gjennom den vesle gangen. Halvegs gøymd bak dørkarmen keik han med redde auge inn på soverommet.

«Åh, fy faen!» utbraut han. Heile senga var tilgrist av dritvatn! Det var spesielt ein stor flekk omlag der han hadde lege og fise. Han rista blåsande på hovudet før han reiv av madrasstrekket. Dritvatnet hadde trengt ned i overmadrassen. Han klødde seg i hovudet. Dette var ikkje bra.

Snart surra sengekleda rundt i vaskemaskina på 95 grader. Overmadrassen hadde blitt handsama med eit heksebrygg av potetmjøl, vatn, sitronsaft, bakepulver og munnvatn. Av ein eller annan grunn hadde Åge fått det føre seg at dette ville hjelpe. Lei av å vere inne i denne heten bestemte Åge seg for å ta seg ein spasertur. Kledd i nok ein ny shorts, truse og T-skjorte forlét han sin dystre, stinkande ungkarskåk.

Nede i krysset nokre hundre meter lenger nede i vegen stod ein av naboane hans, ein narkoman halvtulling med ein diger schæfer. Han fekk diverre auge på han før Åge fekk ein sjanse til å gå ein annan veg.

«Hallaien, Åge!» hoja karen med ei sprokken røyst. Åge kom han særs motviljug i møte.

««laien, Tommy,» sa han.

«Du er ein sjeldan kar!» utbraut Tommy. Hunden lukta veldig på Åge, den svarte nasen rynka seg. «Eg har ikkje sett deg på år og dag! Eg trudde du hadde flytta!»

«Eg har vore sjuk,» sa Åge.

«Ja, du ser faen ikkje frisk ut,» sa Tommy. «Har du gått på fylla igjen?»

«Å jadå.» Ei forpint humring. Brystsvia kom tilbake igjen hardt og nådelaust, sameleis gjorde rumlinga.

«Kva lyd er dette?» spurde Tommy og la det Gollum-aktige trynet sitt på skakke.

«Aner ikkje kva du snakkar om.» Åge kjende at han måtte fise, men det var mest sannsynleg ikkje berre luft som ville ut. Han prøvde å halde seg det beste han kunne, og det såg ut til å stoppe katastrofen.

«Vel, politiet hadde razzia i strøket i natt,» heldt Tommy fram. «Dei fann jævla mykje hasj hos Jokke og Doffen. Dei to kjem til å sitje inne jævla lenge! Då kjem mest sannsynleg kommunen til å seie opp leigeavtalen deira og få inn nye folk.»

Åge kunne ikkje ha brydd seg mindre. Tommy heldt fram:

«Eg likar ikkje nye folk. Ein veit aldri kva for raringar som kan flytte inn. Og so vegg i vegg med meg òg. Ein veit aldri om dei likar hundar heller, og Balrog her merkar det med éin gong om nokon ikkje likar han.»

Åge heldt seg so mykje som han greidde. Ein liten drope dritvatn seiv ut gjennom den krampeferdige lukkemuskelen. Han følte for å snu og springe heim det fortaste han vann. Balrog såg rart på Åge medan nasen vibrerte. Åge hadde eit tøft, Dirty Harry-aktig uttrykk i sitt låtteleg mannlege andlet – uttrykket var mest ein grimase av anstrenging. Fyren heldt bokstavleg tala på å drite seg ut.

«Det var litt av eit syn då politiet storma leilegheita til Jokke og Doffen. Eg såg alt frå gangen. Dei braut opp døra med brøl og rabalder. Dei storma inn, og der sat dei to toskane i badekåpe med kukane ute. Hasjskodda låg tett i rommet. Dei spelte Playstation, men det var heilt utruleg at dei såg skjermen i det heile.»

Ei særs illevarslande rumling laud i vomma til Åge. Balrog rygga eit par steg unna. Tommy heldt fram:

«Polisen gaula ordrar til dei, men dei to var høge som fjell der dei sat! Doffen berre såg dumt på dei, før han heldt fram med å spele. Utruleg nok var han ikkje klar over at han sat der og prøvde å spele Playstation med mobilen sin. Jokke bykste til i sofaen med eit brøl, han hadde mest sannsynleg andre ting enn berre hasj i systemet. Politiet la han i bakken på flekken. Doffen, derimot, heldt fram med å spele, sjølv etter at politiet hadde slått av TV-en.»

Åge byrja å flire av denne låttelege episoden. Fliringa, diverre, førte til at alle sluser opna seg. Ein høg, endelaus, gurglande fis drønna, og ut saman med fisen spruta dritvatn. Balrog sleppte frå seg eit forundra klynk medan Tommy sine auge vart store som tinntallerkenar.

«Inni helvete!» utbraut han med si sprokne røyst. Både han og Åge såg med vantru på korleis dritvatnet draup hissig gjennom det tynne stoffet på shortsen, nedover hans hårete mannebein og ned på asfalten. «Står du her og drit, mann? Dæven!»

Åge sukka djupt. Han såg seg rundt. Det var ingen andre i nærleiken.

«Høyr her, Tommy,» sa han stille. «Du skal få ein sekspakning med øl dersom du ikkje fortel dette til ei levande sjel…» Ein siste gurglande fis sprengde ut hans hårete manneræv.

«Eg… eg trur vi seier to,» sa Tommy med heva augnebryn og sjokkerte auge.

Med bøygd nakke raste Åge derifrå medan dritvatnet seiv ut av han. Han kom seg so langt som halvvegs heim før spya igjen spruta ut kjeften på han. Tommy rista blåsande på hovudet, før han og Balrog forsvann ned vegen.

Kommenter innlegget